Reis grønare

Reis grønare

 

Nordfjord er ein vakker region, med majestetiske fjell, dramatiske fossefall, krystallklare vatn og spektakulære isbrear. Det er vår oppgåve å sikre at den framleis er like vakker og levedyktig når det er våre barn og barnebarn sin tur å bruke den. Det er viktig for oss å ta vare på landskapet, samfunna og den tradisjonelle livsstilen. 

Dei fleste destinasjonar har bærekraftig reiseliv på agendaen. Visit Nordfjord har i strategien for 2019 at dette skal være eit fokusområde, og i arbeidet med å bli kvalifisert, set vi pris på di meining. Bidra gjerne til å gjere Nordfjord som destinasjon enda betre. 

Som reisande er det mykje du kan gjere for å sette mindre avtrykk. Trenden vi ser i reiselivet i dag, er at alle vil gjere mest mulig på kortast mogleg tid. Om du blir lenger på same plass, vil klimagassutsleppa bli mindre og du får tid til å oppeleve meir. Her er nokre tips til korleis du kan gjere ferien din grønare. 

 

Bruk offentleg transport

Ein god start er å bruke offentleg transport som allereie går den ruta du skal. 

Bruk miljøvenlege transportmiddel

Det finns ladestasjonar rundt omkring, og det er ikkje noko problem å komme seg rundt i Noregs land med el-bil. El-bil er eit miljøvenleg og praktisk framkomstmiddel i ferien. Du finn ei oversikt på ladestasjoner.no og om du køyrer Tesla, finner du ei oversikt tesla.no.

El-sykkel blir også meir og meir populært, og gjer det mykje meir overkommeleg for dei aller fleste å reise på sykkelferie i vårt kuperte land. 

Naturleg aktivitet

Noreg er ein stor naturleg trivselspark! Vandring, sykling, kajakk, klatring og isbreturar er nokre av dei morsame aktivitetane som finns i landet. Her i Nordfjord har du så og sei alt. Bruk lokale guidar som er lommekjende i området og kan bidra til ein meir interessant oppleving. I tillegg støttar du lokaløkonomien. 

Kortreist mat

Smak lokale, kortreiste matvarer og drikke. Nyt smaken av bær, frukt og grønsake som er sådd og hausta lokalt, kjøtt og mjølk frå sauder, geite og kyr som beitar og går fritt i naturen. Fisk din eigen fisk og plukk det du vil ha frå villmarka. 

Støtt lokalsamfunnet

Turisme er ei viktig inntektskilde for mange plassar. Vær bevisst på at du legg igjen pengar der det bidrar mest til lokalsamfunn og miljø. Bruk pengane dine på lokale, kortreiste varer og lokale opplevingar, og du er med på å gjere eit reisemål til ein betre plass å bu og besøke. Reis utanom sesong og sjekk ut plassar ingen har vore før. Og ikkje minst, reis sakte og nyt ferien din. 

Forlat naturen slik du fann den

Allemannsretten er eit bevis på at vi har høg tillit til at alle tar ansvar for naturen. Sjølv om store delar av innlandet består av nasjonalparkar og andre beskytta område, har vi moglegheit til å nyte desse friluftsområda. Difor er det viktig at du som turist alltid ryddar opp etter deg, og forlet området du har vore i, slik du fann det.