Youtube video fallback image

Det å vere først er truleg ikkje det viktigaste, men det er drivkrafta som Morten og Team Onecall  truleg har til felles med sine modige forgjengarar. Spaninga ved å oppdage noko nytt og å få til noko som aldri har blitt gjort før. Den same drivkrafta dreiv også den tidlegare fjellpioneren Kristian Bing; turentusiasten som på mange måtar starta den heilt unike og ekstreme fjellsporten her i Norge. Om det er å fly ned frå fjella eller klatre opp dei. Vandre mellom bresprekkar eller overnatte i dei. Om det er snakk om i dag eller for over 125 år sidan. Kjærleiken til naturen er den same. Respekta og ønskje om å ta vare på den har ikkje endra seg, uansett om tida eller utstyret har utvikla seg vidare. 

Staden Morten og Team OneCall i samarbeid med Visit Nordfjord gjennomførte sitt stunt på i april 2020, har klare historiske røter tilbake til Kristian Bing sine eventyr. I 1895 klatra fjellpioneren saman med kjentmannen Rasmus Aabrekk frå Olden opp brefallet i Briksdalsbreen. Turen opp isen skal ha teke heile atten timar. For å hylle Kristian, fjellsporten og ikkje minst den vakre norske naturen, måtte vi kome opp med noko ein fjellpioner verdig. Ideen om å vere den første til å fly speedrider ned brefallet i Briksdalsbreen, blei til slutt svaret. Gjennomføring av stuntet har i seg sjølv blitt ei historisk hending. 

takkHelsing frå Kristian Bing til Rasmus Aabrekk, år 1895

Briksdalen er ein mektig, trong og frodig stad. Brearmen som kryp ned inn i dalen er ei unik brikke i det vakre norske puslespelet. Stadig i forandring, men som aldri sluttar å ta pusten frå ein. I filmen blir Morten flydd opp på platået med helikopter. Deretter  køyrer han  på ski ned mot brefallet, før han hoppar utover kanten. Han flyr så tett over Briksdalsbreen, før han køyrer «vasski» over Briksdalsvatnet med endestad  trygt på andre sida på land. Ei bragd ein fjellpioner verdig. Ein hyllest til alle dei som trakka vegen før oss. 

BriksdalsbreenFoto: Sara Strand Stad: Briksdalsbreen

Briksdalsbreen

Foto: @skeye_photo Stad: Briksdalsbreen

 

Sjå stuntet på Youtube

 

Akkurat som Morten skal du få lov til å bli med på ei reise. Besøke stader Kristian Bing oppdaga, bli kjent med undera han til tider tilfeldig kom over og ikkje minst få eit litt betre  innsyn i kven denne «første ekstremsportutøvaren» eigentleg var.. 

Kven var Kristian Bing?
(1862-1935)

 

I dag er det mange erfarne fjellfolk som ser opp til Kristian. Han var etter historia å døme like oppteken av gleda aktivitetane fjellet kunne gje, som landskapet i seg sjølv. Han verna om naturen, enten han av eiga interesse målte breen si minking og forsvinning eller stifta foreiningar som Bergens Fjellmannalag (1895) for å verne den. Han ville at alle skulle ha tilgong til dei fantastiske naturskattane og sikra blant anna at Nordnes-dalen skulle bli brukt som samlingsplass for Buekorpsgutane på attenhundretalet. På mange måtar verna han like mykje om folk som naturen, og det er vel det luraste ein kan gjere om ein ønskjer at menneska skal ta vare på den.

Kristian arbeidde store delar av livet sitt som overrettssakførar i Bergen (frå 1891). Interessa hans strakk seg lengre enn berre til fjellet. Han var oppteken av historie, politikk og norrøn mytologi. Kristian har blant anna æra av at tradisjonen med Olsok-feiring blei teken opp igjen(1897) Det var viktig for han å ivareta tradisjonane. Ved folkeavstemminga før unionsoppløysinga frå Sverige i 1905, skal han ha bygd 100 bål på Ulriken i eit stort flammande JA. Kvar  bokstav skal ha vore opp til 100 meter høg. Kjærleiken han hadde for Norge, for heimstaden Bergen, for naturen og for sårbare grupper i samfunnet, ser ut til å ha prega heile livet hans. I dag står det ein byste av han ved Fredriksberg på Nordnes til minne om hans engasjement, oppdagingar og bragder.

Som fjellpioner går det mange gjetord om turane til Kristian. Han blir i dag blant anna skildra som ein eineståande brevandrar ikledd optimisme og kunnskap. Kunnskap opparbeida gjennom utallige små og store ekspedisjonar mellom Finnmark og Følgefonna. Som 16-åring skal han åleine ha teke seg opp sistnemnde. Han skal og ha vunne eit veddemål mot Bjørnstjerne Bjørnsson om å klatre opp katedralen i Brussel. Kristian gjorde tidleg sport i å utforske, men om det alltid var det som var føremålet er  vanskeleg å seie. Historia om korleis han vann William Slingsby opp til toppen av Jostedalsbreen i 1894 er eit døme på dette. 

 

kb     kb     kb

«Josten på langs» (1894)

 

Tenk deg at du er ein erfaren og reisevant engelskmann seint på attenhundretalet. Kanskje heiter du William Slingsby og du har allereie klatra opp som førstemann på 50 toppar. Sjå føre deg at du har pakka tursekken og ordna alt du treng av utstyr. Du har til og med sikra deg eit godt team til å gjennomføre ein ekspedisjon med. Du har sett deg ut eit mål; du skal gå Jostedalsbreen på langs for aller første gang. Faktisk, så er det så vidt du kjenner ingen som har gjort dette før deg. Du har rekna tida det skal ta. Du veit det blir hardt, men du har klatra større toppar. Dette fiksar du. Du er trass alt William Slingsby; den kjende fjellpioneren som elskar Norge. 

Turen du skal gå er ingen dans på roser. Både ver og vind sørgjer for det, sjølv om det er tidleg vår, tek ikkje sesongen omsyn. Kanskje fryser du bort ei tå, kanskje får du magesjau. Uansett, det kjem til å vere verd det. For du blir den første til å gå «Josten på langs». Det du ikkje veit er at det er ein lokalkjent nordmann som ligg ein dag føre deg. Han er godt vand blant breane, men spesielt denne ruta; den betyr mykje for nordmannen. Han har trass alt prøvd å krysse Jostedalsbreen før utan hell. Med seg på denne ekspedisjonen har nordmannen teke med seg turkameratane Per Grønfur og Absalon Erdal. Også desse erfarne fjellmenn. 

Du nærmar deg no toppen. Kanskje du sleng ut nokre engelske fraser om det vakre særnorske landskapet. Eller uttrykkjer nokre ord i takksemd om å vere framme i godt hald. Du skimtar noko på toppen framfor deg. Du kjem enno nærare og til di store overrasking oppdagar du ein varde. Den skal ikkje vere der.

Kristian Bing hadde vore der dagen før, men han hadde gått opp frå motsatt side, frå Oldedalen. Det er vanskeleg å førestille seg skuffelsen William Slingsby må ha kjent på. Om Kristian kjende til forsøket til engelskmannen på førehand veit ein ikkje. Men, dette blei den gongen Kristian Bing slo William Slingsby mot toppen av Jostedalsbreen ved å gå motsatt veg. Med vilje, eller ei.

Fotturen til Kristian skal ha teke 47 timar. I dag er ruta til Kristian ein klassiker og tek om lag 3 dagar, men det finst fleire vegar opp. Du kan lese mange flotte skildringar av den unike breturen blant anna på tinderangel.no.

«Bings Gryte» (1898)

 

Kristian var vant til å gå sine eigne vegar. Sidan  han våga å gå der ingen andre hadde vandra før, blei han den første til å oppdage så mykje. Om det så berre var på «ein slump». Blant anna naturfenomenet Bings Gryte i 1898 og Bings Brekuppel som ligg nær Skålatårnet i Nordfjord.

Bings Gryte er eit verfenomen som vart danna i isbreen av virvelvindar 1607 meter over havet. Det elles flate, kvite landskapet blir tilsynelatande brått avbrutt av ei grop midt i isen. Virvelvindane oppstår på grunn av dei lokaltopografiske tilhøva mellom Langedalen og Stordalen. Gropa kan best skildrast som ei slags blå lagune på ein varm sommardag. Den endrar seg etter sesongane og minner naturleg nok mest om ei gryte. 

Dette sjeldne synet er i dag ein del av den klassiske tredagers skituren «Josten på langs».

Bings Gryte

Opplev den blå lagunen på taket av Noregs største bre

© Gaute Dvergsdal Bøyum
Bings Gryte

«Hornelen» (1897)

 

Kristian har også gitt namn til fleire brearmar som Odinbre, Lokebre og Torsbre. Han skal til og med ha vore den første til å «slå» bragda til vikingkongen Olav Tryggvason om å vere den einaste som har klatra den imponerande sjøklippa Hornelen. 

860 meter loddrett opp frå Frøysjøen i Bremanger stig det kjende landemerket Hornelen opp. Hornelen er kjend som Europa si høgste sjøklippe og vert i dag klatra av erfarne fjellfolk verda over. Enten det er utsikta som trekk eller utfordringa i å klatre opp som lokker, så skuffar ikkje Hornelen. Ei vakrare og meir unik fjellrute skal du leite lenge etter. Og om du vågar kan du legge deg på kanten av stupet og kike nesten loddrett ned på båttrafikken som du finn rett under deg.

Hornelen er frå gamalt av kjend som ein stad for troll og hekser, sagn og eventyr. Det ligg mykje historie rundt klippa,  ikkje minst sagnet om Olav Tryggvason. Det er skrive at Olav skal ha klatra opp her, festa skjoldet sitt og båre ned ein hirdmann som skal ha sett seg fast. Kong Olav blei skildra som Norden sin største sportsmann i ein artikkel av Karl Hall (1883), og det er fullt mogleg at det var nok til å trigge nysgjerrigheita hjå Kristian. Så inspirert blei han av fortida sine heltar at han i 1897 reiste ut for å bli den første til å klatre opp Hornelen sidan Olav Tryggvason. Det var ingen enkel bragd med klatring i regn og vind.

Hornelen vert rekna som eit levande fjell og historiene om at det rører på seg gjennom ras, kløfter og rifter (eller rastlause troll og utøvande hekser), gjer sjølve turen enno meir nervepirrande. Kristian og Anders kom til slutt til toppen, sjølv med ein båtshake som Anders truleg skal ha insistert på å ta med seg – som om turen ikkje var tung nok i seg sjølv. 

I dag er det ei eiga klatrerute oppkalla etter Kristian. Den startar i austveggen på Hornelen og skal i følgje tradisjonen klatrast ved hjelp av berre hendene og tek om lag 8 timar. Heldigvis må ikkje vi nødvendigvis følgje i Kristian sine fotspor for å nå toppen av Hornelen. Det finst også to turar som varierar i vanskegrad og som også passar for familiar. Turane startar enten ved Hunskår eller Berleneset og kan gjennomførast frå mai til september. Dei varierar i både tid og terreng, men byr begge på ei fantastisk fin oppleving.

Hornelen

Europas høgste sjøklippe 860 m.o.h.

© Sverre Hjornevik
Hornelen01

Hornelen

Europas høgste sjøklippe 860 m.o.h.

© Sverre Hjornevik
Hornelen02

«Vingenfeltet» (1912)

 

I 1912 oppdaga Kristian helleristningar på Vingenfeltet i Bremanger. Dette etter at han i 1910 byrja søket etter plassar i Norge der ein kunne få tilgong til vasskraft frå fossefall. I leitinga fekk han nyss om ein stad «nogen dyr aftegnet i et berg» etter turen opp Hornelen. Truleg kjende lokalbefolkninga til staden, men Kristian blei den første til å publisere funna i 1912 og opna med det Vingen opp for arkeologien. 

Helleristingane med veidekunst er dei første som er funne sør i Norge. Feltet vert rekna som eit av dei største i Nord Europa og kan daterast tilbake til 3-4000 år f.Kr. Det består av over 2000 ulike ristingar. Motiva viser blant anna ulike hjortefigurar, men også ein del figurar av menneske av begge kjønn. 

Helleri

Tolkingane av helleristningane dreier seg stort sett rundt styrtjakt rundt hjorten. Ein brutal,men effektiv måte å jakte på. Området rundt og ved Vingen ser ut til å ha vore ein større samlingsplass for menneske. Dei nyaste tolkingane rundt helleristningane lener mot at Vingen også var eit religiøst samlingspunkt med fokus på seremoniar som vi ikkje heilt kjenner til i dag. Denne tolkinga skal også ha det til at hjorten var eit slags fruktbarheitssymbol der det kan tenkjast at staden samla gifteklare ungdomar som feira ei slik jakt med dåtida sine verdslege og religiøse normar. Med andre ord; Vingen var eit spanande og levande område med tilgong på kjøt (ei fin avveksling frå fisk som var vanlegaste proteinkjelde) og religiøse innslag. 

Det kan verke som om det meste Kristian oppdaga var ved eit reint tilfelle, men ansvaret det førte med seg tok han på fullt alvor. I 1913 kjøpte han garden Vingen for 3000 kr. Området bestod blant anna av fossefall og sjølv om han selde garden vidare i 1917 for over 50 000 kr, så passa han på at Bergen Museum fekk kjøpe «dyreberget» der helleristningane var i 1923 for 1000 kr. Slik blei fortida verna for framtida og gjorde det mogleg for alle den dag i dag å besøke denne unike staden i følgje med erfarne turguidar ( gjennom turistinformasjonen i Bremanger). Guidane kjenner historia kring ristningane som ingen andre og tek deg med på ei oppleving du seint vil gløyme. Dersom du ikkje har moglegheit til å ta turen sjølv finst det no også ei virtuell oppleving på virtuellevingen.no

GårdenFoto: Vingengården på sørsida av bukta

 

 

Opplev Vingen med guide:

Vingenfeltet

Dramatisk landskap. Opplev tusenvis av helleristningar i Vingen, medan ein skimtar Hornelen i bakgrunnen.

© Visit Nordfjord
Vingenfeltet

Vingenfeltet

Dramatisk landskap. Opplev tusenvis av helleristningar i Vingen, medan ein skimtar Hornelen i bakgrunnen.

© Visit Nordfjord
Vingen

Morten har skrevet historie

 

Da Morten Knapstad fra Team OneCall trygt landet under Briksdalsbreen 22. april, var det den siste brikken i et stort puslespill som kom på plass. Det å gjøre noe for første gang innenfor det vi kaller risikosport i natur har lange tradisjoner. Roald Amundsen kom seg hjem fra Sydpolen, mens Robert Scott mislyktes. Forskjellen på triumf og tragedie kan spores tilbake til planlegging og forberedelser. Da Bing og Rasmus Aabrekk klatret Briksdalsbreen i 1895, kom det ikke som en overraskelse. Bing hadde allerede utmerket seg som en lidenskapelig brevandrer, akkurat som Amundsen få år senere beseiret Sydpolen etter en rekke andre imponerende bragder. 

For å gjennomføre noe for første gang må man være svært glad i detaljerte foreberedelser. Team OneCall består av en rekke luftsportsutøvere, som har dedikert hele sitt voksne liv til å fly. Morten er en av landets ledende skikkelser i paragliding og speedriding. Før han lot skjermen ta luft over Briksdalsbreen hadde han detaljert kunnskap om utstyrets maksimale ytelse, beregnet gradienter i ulike deler av brefallet, studert vind og værforhold, ryddet landingsplass og lent seg på tusentall av timer i lufta. 

Når Morten jubler i lettelse og eufori på landingen er det fordi vi driver med risikosport. Det ligger i selve definisjonen at det er en risiko, altså at det selv med nitidig planlegging vil det inneholde en grad av usikkerhet. Morten aksepterte den siste lille usikkerheten og tok luft, akkurat som Bing og Aabrekk aksepterte en grad av usikkerhet tilbake i 1895. Bing levde for fjellene, breene og naturen nord for Bergen, og vi i Team OneCall lever for det samme den dag i dag. Det går en rød tråd gjennom den norske historien om erobring av fjell og natur. Vi er glade i å forberede oss, for så å komme oss ut på tur.

Det var en ære for oss å ha Morten med på laget med Visit Nordfjord og lokalt næringsliv. Det var et prosjekt som viste potensialet i å samle krefter på tvers av nasjonale risikosportmiljø og lokalt næringsliv. 

Kanskje vil det lages "a love letter to Knapstad" om 100 år? Historien om nordmenn som utforsker naturen vil uten tvil fortsette.

Bjørn Magne Bryn
Leder av Team OneCall

Youtube video image

UTFORSK

 

Briksdalsbreen

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Opplev den magiske blå isen på nært hald.

© Morten Noremsaune
Morten Noremsaune - Briksdalsbreen