Borna sitt Nordfjord

Nordfjord er ein kompakt og komplett destinasjon full av naturopplevingar, lærerike aktivitetar og magiske augeblikk for heile familien

© Loen Skylift
Barnas Nordfjord
© Høyt og Lavt
Hydlaparken

Borna sitt Nordfjord

I Nordfjord finn du mange tilbod som passar for familiar. Ta med
deg barna og la dei utforske naturen vår gjennom spennande
aktivitetar. Her gir vi deg nokre eksempel til inspirasjon.

Opplev breane – Briksdalsbreen er eit populært reisemål, med ein flott vandretur opp den 3 km grusvegen til Briksdalsbreen. Spanande jettegryterog dyr som beiter. Kanskje kan det vere spanande
å bli køyrt opp i dei små opne Trollbilane? Bødalsbreen og Kjenndalsbreen i Lodalen er flotte
vandreturar for familien. I Kjenndalen kan du fint trille barnevogn på den fine stien inn til isbreen frå parkeringsplassen. 

Er de ute etter meir luftige opplevingar, så kan kanskje ein tur med den nye pendelbana Loen Skylift vere aktuell, her finn ein flotte vandreturar der ein også kan trille barnevogna. Vil du klatre, kan du prøve den tilrettelagde klatrestien via ferrata til toppen av Hoven (aldersgrense 12 år). To nye zip-lines er også mulig å prøve når du likevel er oppe på Hoven…..

Hydlaparken i Stryn er ein annan stad du kan få testa ferdigheiter og høgder. 7 klatreløyper med ulik vanskegrad, 11 zip-liner, eit femten meter høgt klatretårn med ”Hydlaspranget” og klatrevegg, samt eit flott nettverk av stiar har vekse fram på moreneryggen som ligg i nedre del av Hydla hyttegrend.

Har du sett filmen «Frost» med Anna og Elsa så har du kanskje lagt merke til alle dei flotte fjordhestane som er med i filmen. Har du lyst til å ri på ein, så kan du oppsøke Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid eller Stall Rygg på Sandane tilbyr rideturar i fjellet, rideturar i nærmiljøet frå halvtime til dagsturar.

Likar du hjort betre, så kan Nave Hjortefarm på Bryggja vere aktuell å besøke, her kan du kome tett på hjort og delta i foringa. På garden er det også kasjmirgeiter, lama, esel og hund. Hakalle Garden i Vanylven finn du alpakka, hundar, påfugl, geiter, miniatyrhestar, esel, katt og hest. (ikkje medlem)

Kva med ein skitur midt på varmaste sommaren? På Stryn Sommerski kan skiglade boltre seg i sommersnø frå slutten av mai til juni/juli. 

Regnver?

Om det pøsar ned kan det vere kjekt å kose seg med ein film inne. Dei fleste bygdesentruma har kino. Spør på turistinformasjonen eller sjå etter plakatane. Elles så kan kanskje eit besøk til Bowlingen i Måløy vere verdt eit besøk. Her kan du feire gebursdag, nyte mat og drikke, spele bowling, biljard og andre underhaldningspel.

Bading ute og inne
Vi reknar med at du er glad i vatn som alle andre barn.  Ta med bøtte og spade og oppsøk dei flotte sandstrendene i Selje: Seljesanden, Ervik, Hoddevik eller Refviksanden i Vågsøy. Innover fjorden er det også fine badeplassar som blant anna i Sagaparken på Eid. Trivselsbadet på Sandane har stupetårn, sklie, 2 basseng og eit eige barnebasseng. Alexandra Bad & Spa og Nordfjord Hotell har badebasseng og utandørs boblebad. Gloppen Camping og Byrkjelo Camping har oppvarma utandørs symjebasseng med solterrasse og leikeområde. Nokre av dei offentlege symjehallane har også sommarope. 

Ballbingar, klatreparkar, leikeplassar, sandvolleyballbaner og minigolf finst rundt om kring i dei ulike kommunane i Nordfjord, gjerne i nærleiken av skulane.

Likar du å skate? Ved Stryn stadion, Folven Camping i Hjelledalen, Sandane sentrum og ved Eid idrettspark på Nordfjordeid finn du område for skating.

Nordfjord er skapt for vandring. Her finn du også mange barnevenlege vandreturar og kulturløyper kring i regionen, spesielt turløypeområda i Trivselsskogen på Sandane, Harpefossen på Eid, Turløyper Stryn og Hoven (Loen Skylift) er spesielt eigna for born. Kontakt turistinformasjonen for meir info og tips.

 

RELEVANTE PRODUKT