Dagsturhytta Nordfjordeid

Dagsturhyttene i Nordfjord

 

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er eit lågterskeltilbod for turgåarar, med nynorsk turbibliotek. Ho er om lag 15 kvadratmeter og er ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle. 

Som standard har hyttene verken varme, straum eller sanitæranlegg. Ein del kommunar har bestemt seg for å byggje ein utedo i tilknyting til hytta. Om lag halvparten av kommunane vil også installere solcellepanel i hytta, medan andre igjen utstyrer hytta med varmeomn.
Plasseringa av hyttene er valt ut av administrasjonen i kommunen – eller ved hjelp av lokalt engasjement.

Nynorsk turbibliotek
Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøker.
Folkebiblioteka har tilsynet med turbiblioteka i kommunane sine og supplerer med eigne bøker om friluftsliv, natur, segner og eventyr, lokale kulturminne, turmat, dyreliv, dikt og anna.
Fylkesbiblioteket har søkt og fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til eit toårig prosjekt for å skape aktivitet og stimulere til bruk av både hyttene og turbiblioteka, og for å prøve ut kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet/tur. Målgruppene er barnehagar, skular og flyktningar.
 

<% totalFilter %> filter applied