Utleige av koseleg støylshus på Ryggjastøylen | Stall Rygg

Utleige av koseleg støylshus på Ryggjastøylen | Stall Rygg

Unn deg eit opphold på Ryggjastøylen, og opplev den fantastiske atmosfæra.

Selet er ca 120 år gammalt, og ligg i ei klynge av tilsvarande bygningar i eit fellesskap. Før i tida, var det aktiv støylsdrift på Ryggjastøylen, og alle 13 sela var i bruk av budeiene frå ca 1. juli til ca medio september.
Fjøsane som høyrde til sela, var brukte til kyrne på natta og til melkinga. No fungerer dei fleste av dei som utedo og vedalager.
Støylsdrifta vart så smått avvikla utover på 50-talet. Sela vart likevel mykje brukte om sommaren som fritidshytter.
Alle dei 13 sela,
Selet er ca 120 år gammalt, og ligg i ei klynge av tilsvarande bygningar i eit fellesskap. Før i tida, var det aktiv støylsdrift på Ryggjastøylen, og alle 13 sela var i bruk av budeiene frå ca 1. juli til ca medio september.
Fjøsane som høyrde til sela, var brukte til kyrne på natta og til melkinga. No fungerer dei fleste av dei som utedo og vedalager.
Støylsdrifta vart så smått avvikla utover på 50-talet. Sela vart likevel mykje brukte om sommaren som fritidshytter.
Alle dei 13 sela, framstår fremdeles som godt vedlikehaldne, og identiske slik som dei var i 1900.

Etter at det vart bilveg opp i 1984, vart det mindre med overnattingar, og folk reiste meir innover i dalen, til den inste støylen.
No er det ro og idyll som pregar Ryggjastøylen, spesielt i vekedagane. Området er likevel godt besøkt av turgåarar og barnefamiliar/ eldre. m.fl.

Vil du ha med hestar under opphaldet ditt på Ryggjastøylen?
NB! Det er eit krav at dei som leiger selet med hest, er hestekyndige. Dei som leiger må kunne handtere ein hest og kunne ta ansvar for hestane dei dagane dei leiger slik at sikkerheten blir ivaretatt for både leigetakarane og hestane.

Det er ca 3,5 km frå Stall rygg til Ryggjastøylen. Det er fin grusveg nesten heilt fram til støylen (ca 100 m å gå til slutt).

Informasjon om selet:

- Utedo
- Ingen strøm (primus til matlaging)
- Ingen kjøleskap(mat må ev leggast i pose og avkjølast i bøtte med kaldt vatn)
- Vatn i elva nedanfor eller Stall Rygg kan levere dunkar med vatn på døra
- Ingen dusjmuligheter (Men kanskje eit kaldt bad i Traudalsvatnet kan friste? Vatnet ligg ca 15 min gange i frå selet)
- Peis inne i selet
- Grill i vedahus - men med forbehold om restriksjoner for bruk av ild ute om sommaren (ev kull må gjestane holde sjølve)
- Sengekle og vask av selet er inkludert
- Kopper/fat/glass/bestikk til 5 pers
- Kokepanne og steikepanne
- 3-5 min å gå frå bilvegen til selet
- Selet består av 2 rom( kjøkken og stove/soveplass + utedo)

Det er mogleg å leige båt og kjøpe fiskekort. Ta kontakt med Morten Rygg om det er av interesse, telefon 41510424

Dersom det er ønskjeleg med ridetimar under opphaldet, ta kontakt Morten Rygg direkte på telefon 41510424, i god tid før ankomst.

Frå 15. juni finns det eit til sel som er tilgjengeleg om det er fleire enn 5 stk som vil sove på støylen. Dette kan vi benytte, dersom det er større familier som reiser saman. Der er det overnattingslass til 2 personar + ev 2 barn på madrass på golvet. (MRK. Dette selet er kun eit supplement ved større grupper, og egner seg ikkje å leige ut individuelt, då det stort sett er kun seng, ovn og ein propankoker tilgjengeleg i selet). Ekstra selet kostar 750,- pr døgn.
Ta direkte kontakt med Morten Rygg direkte på telefon 41510424 om det er av interesse.


Du kan bu på støylen mellom 15. mai og 15. oktober.

Info: