Heile året
Vår
Våren i Stryn er tida da snøen smeltar i dalen medan fjelltoppane framleis er kvite. Tvinnefossen vaknar til liv med kraftig elvebrusing, og toppane Kyrkjenibba, Glitregga og Ringdalshyrna lokkar med påskesnø, medan Skuten og Dagsturhytta byr på fotturar. Dette er ei perfekt tid for dei som ønskjer å oppleve naturen utan sommarens travlaste turistar.
Sommar
Sommaren er høgsesongen i Stryn, og bygda summar av liv. Toppane Gryta, Bergsetnakken, og Årheimsfjellet lokkar turgåarar og du kan kjøle deg ned i dei mange elvane du finn i bygda. Bygda vaknar til liv under Motorfestivalen og Gummibåtfestivalen, og dei lange, lyse kveldane gjev rom for opplevingar langt utover kvelden.
Haust
Hausten gjer Stryn ekstra stemningsfull, og er nok den mest fargerike tida. Dette er ei rolegare tid i bygda, ideell for dei som vil ha meir fred på fjellturane, og å få med seg flotte solnedgangar i eit fargelagt landskap. Lyset blir mjukare og lufta friskare. Når oktober kjem, vaknar bygda til liv igjen under Oktoberfest Stryn, Noregs største oktoberfest, der folk frå heile landet samlar seg for å feire på Nordfjordsk vis.
Vinter
Vinteren forvandlar Stryn til eit vinterparadis. Stryn Vinterski opnar og toppturgåarar finn uendelege moglegheiter i fjella rundt. Langrennsløypene på Ullsheim byr på milevis av preppa løyper og du kan setje deg ned og nyte vintersola på ein av dei mange sætrane rundt om.