Å bli sjuk eller skadd på reise kan vere krevjande. Her finn du viktig informasjon om korleis helsesystemet fungerer i Noreg, og kven du skal kontakte dersom du treng medisinsk hjelp under opphaldet ditt i Nordfjord.
Treng du akutt hjelp?
Livstruande situasjon? Ring 113
Ring 113 ved alvorleg sjukdom eller skade, som brystsmerter, pustevanskar, alvorlege ulykker eller bevisstløyse. Dette er naudnummeret for ambulanse.
Akutt, men ikkje livstruande? Ring 116 117
Dersom du treng legehjelp som ikkje kan vente til fastlegekontor er ope, ring 116 117.
Du blir då kopla til nærmaste legevakt der du oppheld deg.
Ved usikkerheit kan du også ringe 116 117 for råd.
Viktig å vite om medisinar i Noreg
Merk at nokre medisinar som er reseptfrie i andre land krev resept i Noreg. Dette kan til dømes gjelde enkelte sterke smertestillande, antibiotika og andre legemiddel. Apotek i Noreg har generelt avgrensa opningstider samanlikna med mange andre land. Sjekk opningstider på førehand, særleg i helg og på heilagdagar.
Vi anbefaler at du:
-
Tek med nødvendige medisinar for heile opphaldet
- Har med dokumentasjon på resept dersom du brukar faste medisinar
Helsehjelp for turistar
Dersom du er statsborgar i EU/EØS, bør du ha med deg europeisk helsetrygdkort (EHIC). Dette gir deg rett til nødvendig helsehjelp på same vilkår som norske innbyggjarar. Reisande frå land utanfor EU/EØS må som hovudregel betale for behandling sjølve. Vi anbefaler at du har gyldig reiseforsikring.