Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Norge ved Stad ligg Nordfjord, med spektakulære fjell og dalar, bølgande jordbruksbygder og dramatisk kystlandskap. Her er det tett mellom store og lett tilgjengelege opplevingar. Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste. Alt i ein fjord.
Nordfjord ligg nord for Bergen og sør for Ålesund, midt i smørauget mellom Geirangerfjorden og Sognefjorden i hjarte av Fjord Norge. Nordfjord er lett å nå, enten du kjem med bil, buss, båt eller fly.
Avstandar til Nordfjord frå:
Oslo via Otta: 500 km
Oslo via Fagernes: 470 km
Bergen via Lavik: 250 km
Trondheim via Otta: 450 km
Ålesund: 150 km
Stavanger: 500 km
Kristiansand: 695 km
Lofoten: 1285 km
Tromsø: 1810 km