Fjell og Dalar

Nyt følelsen av mektige fjell, djupe dalar og storslått natur i Nordfjord

Mountains and Valleys Norway
Fjell Fjord Norge
Fjell Eggenipa Norge
Fjell fjord Norge

Europas høgste sjøklippe 860 m.o.h.

Bestig Hornelen! Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving.

© Sverre Hjornevik
Hornelen topptur vandring

Fjell og Fjord

Nordfjord består av trange dalar der fossar stuper ned bratte fjellsider med invitasjon om å ta turen til topps, til hjartet av Norge med fjell og bre og vidt utsyn over det magiske Nordfjordriket. Mellom ytterpunkta strekk sjølve fjorden seg som ein mjuk, blå streng av fløyel, omkransa av bugnande grøne bygder, med autentisk folkeliv og mat- og kulturopplevingar.

Breane, fjorden, havet og fjella i Nordfjord er vertskap for noko av det vakraste Norge har å by på. Og i kombinasjon med Geirangerfjorden blir opplevinga komplett.

Norske fjelltopper er blant våre aller viktigaste nasjonalikon. Lokal mat og arkitektoniske perler integrert i mektige landskap gir fjellturen ein ekstra dimensjon.

Gjennom århundre har vi rømt til fjella for å sleppe unna det stressande kvardagslivet. Uansett sosial bakgrunn eller kvar i landet vi kjem frå, migrerer vi til fjellheimen så fort det blir påskeferie, eller så snart vi har – eller tar – ei langhelg fri.

For mange er det å puste inn den friske fjellufta med eit par ski eller ordentlege gode sko på beina sjølve definisjonen på at det endeleg er ferie. Men fjella våre betyr også mykje anna, dei er også kraftfulle symbol på det erkenorske. Det steinete og bratte landskapet og dei ruglete formasjonane er utvilsamt ein del av vår nasjonale identitet.

Gamal turtradisjon tilseier at man skal slite litt i fjella, før ein kan strekke ut og kose seg. Dei siste åra har imidlertid eit lite anstrøk av luksus klart å snike seg inn i den norske fjellopplevinga.

Til dømes har fleire av hyttene til Den norske turistforeininga blitt teikna av fremragande arkitektar, som blandar moderne trendar med norske naturmateriale.

Allemannsretten sikrar at alle har rett til å ferdes fritt i utmarka – så ingen kan hindre deg i å slå opp teltet (stort sett) der du vil.

Sesongane i fjellet

Kvar sesong har sin sjarm og smak i den norske fjellheimen. 

Mange opplever at fjellheimen er på sitt vakraste om hausten, når fjellandskapet vert dekka av dei gule og raude fargepalettane. Hausten er også jaktsesong, og dei fleste områda er rike på molter og blåbær.

Om vinteren forvandlar fjellheimen seg til eit snødekt paradis. Men mange blir overraska over kor tøft og kaldt veret kan bli når dei kjem opp i høgda. Sjølv om sola skin og det ikkje er vind i botnen av fjellet, kan realiteten vere noko heilt anna i høgda. Ver difor ekstra påpasselig med riktige kle og utstyr – og fjellvett.

Når våren kjem, vaknar naturen til live att. Det yrer i elvane, og våren vert ofte sett på som den beste tida for å fiske i dei mange fjellvatna.

I Norge reknar vi nesten alt over tregrensa som fjell. Tregrensa kallar ein grensa øvst mot høgfjellet eller ytst mot kysten der enkeltvise tre veks naturleg. 

 

Topptur

Fjella i Nordfjord ruvar opp til vel 2000 m.o.h., så her fins det utallige toppturmoglegheiter. Nokre av dei mest spektakulære fjella finn du i og rundt Jostedalsbreen Nasjonalpark. Vi anbefaler på det sterkaste å ta med ein guide på turen - både for å finne den beste snøen, dei beste toppane og for å sikre tryggleiken. Du treng kompetanse og erfaring for å gå på topptur åleine. 

Ver og føre kan endre seg raskt i denne delen av landet. Toppturski, spade, søkestang og sender/mottakar er naudsynt. Det same gjeld kart, kompass og/eller GPS. Kunnskap om skred og navigasjon er sterkt anbefalt. Og sjekk alltid den norske skredvarslinga dersom du går utan guide.

Ver obs på rasfare. Sjekk ut varsom.no og snakk med erfarne fjellfolk.

 

Husk fjellvettreglene når du skal på tur i fjellet:

Sjølv erfarne fjellfolk har ei sunn respekt for fjellets luner og tar sine forholdsregler når de skal på tur i norske fjell. 

  1.  Planlegg turen og meld fra hvor du går.
  2.  Tilpass turen etter evne og forhold.
  3.  Ta hensyn til vær- og skredvarsel.
  4.  Vær forberedt på uvær og kulde, selv på korte turer.
  5.  Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg selv og andre.
  6.  Ta trygge veivalg. Gjenkjenn skredfarlig terreng og usikker is.
  7.  Bruk kart og kompass. Vit alltid hvor du er.
  8.  Vend i tide, det er ingen skam å snu.
  9.  Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.

 

Fjellet er utvilsomt vakkert både om vinteren og sommeren, men kan fort bli farleg. Du bør difor forsikre deg om at du har trening, erfaring, lokalkunnskap og utstyret som krevst for turen.

Før du dreg, bør du til dømes gje beskjed til nokon andre om kva rute du har planlagt å følge, og når du har planlagt å nå fram. Sjekk vermeldinga – ikkje berre for der du skal gå, men også i nærområdet. Og hugs at forholda raskt kan endre seg. Planlegg kva du skal gjere dersom det blir dårleg sikt eller mørkt, eller dersom veret blir dårlegare. 

Nokre av turane i høgfjellet går over isbrear, og kryssing av isbre krev kunnskap og utstyr. Bruk gjerne guide. Sjå opp for ras ved brekanten, og sprekker i isen.

Nokre turar går i bratt terreng. Føl stien og bruk gjerne vandrestavar. I steinur må du passe på å halde balansen og ikkje rive laus stein som kan treffe deg eller andre.

Vad aldri i elv utan at du føler deg sikker på å kome over, og prøv ikkje å hoppe på stein eller over bekkar dersom du ikkje er sikker på å kunne halde deg på beina. 

Vandresesongen varer vanlegvis frå mai til oktober, men dette varierer alt etter beliggenhet, høgde over havet osv. Det varierer også mykje frå år til år, så spør i resepsjonen eller på turistkontoret om du er i tvil om kvar du kan gå.

Legg merke til når mørket kjem (avhengig av årstid).

Vervarsel frå Yr levert av Meteorologisk institutt og NRK. 

 

Skåla (1848 m.)

Skåla er regnet for ein av dei mest spektakulære fjellturane i landet, og har ein av dei lengste unnabakkane i landet. Sommerstid vrimlar det av folk rundt den spesielle steinhytta på toppen, men vinterstid er det litt mindre folksamt. Turen kan gåast heile vinteren utan stor fare for skred, men det krevst god sikt og vurderingsevne. Frå parkeringsplassen føl du traktorveg som seinare blir til sti oppover i Fosdalen. Kryss elva på rundt 650 høgdemeter. Deretter ventar 400 høgdemeter med vedvarande brattheng opp til Skålavatnet. Fortsett søraustover inn i botnen, og ta herifrå opp til venstre mot den breie ryggen som fører fram til toppunktet. Nedtur same veg. I oktober 2016 stod også den den nye turisthytta Skålabu ferdig. Det er Bergen og Hordaland Turlag (DNT) saman med arkitekt Eilif Bjørge og byggmester Bjørn Vike som har stått for oppføringa av denne. Begge hyttene er i dag drivne av Bergen Turlag. På dei gamle hellelagde stiane og steintrappene er det ei kulturoppleving å vandre her, med fantastisk fjord-natur på alle kantar. Dette er ein moderat/krevjande tur på 5-6 timar. Turen startar nesten i fjæresteinane, på parkeringsplassen ca halvannan kilometer frå Loen sentrum. 

 

Kyrkjenibba (1400 m.o.h.)

Kyrkjenibba er en av dei mest markante fjella i umiddelbar nærleik til Stryn. Nokre kallar utsikta frå denne toppen den vakraste i Indre Nordfjord. Den vanlegaste varianten startar frå garden Skår/Garlid på ca 300 moh. Ein kort tur på stien rett opp frå Skår leier deg inn på ein betre sti på vestsida av elvejølet i Skårdalen. Innerst ved den gamle setra, er det vanlegvis kurrant å krysse elva (seint på våren må du kanskje lenger opp i dalen). Gå oppover i Stordalen, først i botnen, deretter skråar du oppover mot høgre for å unngå rasutsette heng i nordvesthellinga i botnen av dalen. Oppå skuldra er det berre å gå mot toppen i god avstand frå eventuelle hengeskavlar. Brattkøyrarar kan fint køyre "framsida" på stabil vårsnø. Følg RV 15 mot Strynefjellet, ca 1 mil frå Stryn sentrum tek du av mot Flo, men ta så første grusveg oppover til venstre og følg denne til endes. Kyrkjenibba kan også nåast frå Kyrkjeeidestølen og opp Fagerdalen.   

 

Mt. Ceciliekruna (1717 m.)

Ceciliekruna ligg majestistisk vest for Oldevatnet, med utsikt mot Lodalskåpa og Storbreen. Toppen er eit slags platå med to identiske "horn" på kvar side. Det fins to alternative vegval til toppen av dette flotte fjellet. Desse kan kombinerast slik at turen til topps blir ein "rundtur". Det første alternativet startar ved Dragesetstøylen og opp i spreidd småskog opp til Storeloga. Derifrå går turen langs rygg som smalnar av opp på Storlogpiken (1554). Nå er du oppå ein fantastisk fjellrygg som du føl fram til skaret under toppen. Alternativ to er å gå dalen vidare innover frå Hildestøylen. Hold dalbotnet ved Fessene, men trekk oppover bratthenga til høgre etterkvart - slik at du kjem inn i markert søkk ved vatn 1258, Herifrå køyrer du 50 høgdemeter ned på breen og føl denne opp til skaret aust for toppen. Dette alternativet anbefalast som ein vårtur då den er skredutsatt og då det av og til vert danna ei sprekk i toppen av breen. Siste stykket opp frå skaret finn du ut av sjølv. Turen opp til dette fjellet startar ved Innvik. Køyr på relativt dårleg skogsveg herifrå (kan vere gjørmete om det er vått) så langt du kjem inn mot Hildestøylen.

 

Hornindalsrokken (1526 m.)

Spektakulær topp som er enkelt tilgjengelig fra Kjellstaddalen. Byr på flott utsikt og muligheter for flott nedkjøring. Turen er best frå desember til mai. Hornindalsrokken ligg på grensa mellom tre kommunar (Hornindal, Stranda og Ørsta) og mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylke. Frå Hellesylt er det i underkant av 10 km. opp til lysløypa. På høgre side av vegen kan du køyre inn ein grusveg og parkere. Kjennemerke på vegen er spegelen som er montert på motsatt side. 

 

Midtstolhyrna (1771 m.o.h.)

Parker på parkeringsplass ved Rv15 mellom dei to nederste tunnelane på Strynefjellet. Turen startar på 600 m. Gå innover Skjerdingsdalen, og føl dalen heile vegen opp til ryggen. Følg denne i skrått i retning toppen. Enkelte stadar utsett for skred, og det er ikkje anbefalt å gå her i dårleg sikt. Det er fleire fine køyreval tilbake mot parkeringsplassen. Følg med på veg opp. Seint på våren må du vere merksam på at det er ei elv i dalbotnen. Tid: 4-5 timar.

 

 

Toppturar rundt Stryn Skisenter

Stryn blir ofte karakterisert som eit toppturmekka. Steindalheisen (Stryn Vinterski) er toppheisen i anlegget, og stopper på 1000 moh. Heisen har bare vert her i nokre år, og har opnet senteret for fleire bakkar og mykje frikjøring. Der skitrekket stoppar, ser du mot dei fire toppene som rammar inn anlegget; Hestefjellet (1303), Natakupa (1400), Kyrkjeniba (1400) og Gryta (1032). Dei er alle nokon ganske enkle timars gange og traversering fra Steindalsheisen og byr på prima frikjøring.

Fjellguidar 

Fleire guidefirma tilbyr turar til toppar i og utanfor Nordfjord. Nokre av desse har også kurs knytt til fjell, snø og bre. 

Merking

Grøne, blå, raude og svarte vardar gjer det enklare å finne fram når du vandrar i fjellet og indikerer samstundes kor vanskeleg ruta er.

For å gjere det lettare å finne fram når du er på vandring/fottur, er eit nytt internasjonalt graderingssystem for løyper innført i Norge. Rutene blir fargemerka for å vise vanskegrad.

Finn ditt nivå

Mange kjenner systemet for fargemerking frå alpinbakken, og no indikerer fargane grøn, blå, raud og svart kor vanskeleg turen er når du skal vandre i fjell- og skogsterreng også. Turane vert vurdert blant anna ut frå antal høgdemeter (stigning) og lengde på turen.

 

Grøn - Enkel

Passar for:

  •  Nybyrjarar
  •  Krev ingen spesielle ferdigheiter
  •  Hovudsakleg korte turar
  •  Dersom tilrettelagt for rullestol/barnevogn, vert dette merka med eige symbol

Høgdemeter og lengd:

  • < 300 m
  • < 5 km

Stitype:

  • Asfalt, grus, skogsvegar og gode stiar
  • Stor grad av opparbeiding som gjev god framkomst
  • Underlag fast og jamnt utan store hindringar eller kryssing av stor bekk

Stigningsgrad og eksponering:

  • Moderate stigningar, ingen bratte parti

 

Blå - Middels

Passar for:

  • Dei med litt erfaring i terreng
  • Middels trena turgåarar
  • Dei med grunnleggande ferdigheiter

Høgdemeter og leng:

  • < 600 m
  • < 10 km

Stitype:

  • Kan ha noko meir krevjande parti enn grøn tursti 
  • Kan vere steinete, men inga ur
  • Kun enkle vad

Stigningsgrad og eksponering:

  • Moderate stigningar som kan innehalde enkelte bratte parti
  • Enkelte parti som kan oppfattast som luftige for folk med høgdeproblem

 

Rød - Krevjande

Passar for:

  • Erfarne turgåarar
  • Dei med god uthaldenheit
  • Godt turutstyr og gode fjellsko
  • Kunnskap om kart og kompass

Høgdemeter og lengd:

  • < 1000 m
  • < 20 km (eige symbol)

Stitype:

  • Sti, open terreng, stein, ur og snaufjell
  • Bratte helningar og lenger strekningar med laus stein og myr kan førekome
  • Vading kan førekome

Stigningsgrad og eksponering:

  • Fleire typar stigningar og utfordringar
  • Fleire luftige og utsette parti
  • Kan innehalde tekniske utfordringar med noko klyving og bruk/støtte av hendene

  

Svart - Ekspert

Passar for:

  • Erfarne fjellfolk
  • Dei med god uthaldenheit
  • Godt turutstyr og gode fjellsko
  • Kunnskap om kart og kompass

Høgdemeter og lengd:

  • Ingen makshøgde eller lengde

Stitype:

  • Lange turar på meir krevjande stiar enn ”raud sti”
  • Krevjande vading kan førekome
  • Merk: Nokre stiar kan vere merka svart kun grunna antal høgdemeter/lengd, medan dei har god og trygg sti heile vegen. 

Stigningsgrad og eksponering:

  • Toppturar med bratte og vanskelege parti med ujamnt underlag
  • Luftige parti og passasjar/ parti med utsatt klyving 
  • Smale egger, sva, ur etc.
  • Merk: Nokre stiar kan vere merka svart kun grunna antal høgdemeter/lengd, medan dei har god og trygg sti heile vegen. Turen til Skåla er eksempel på ein slik tur. 

  

Sikkerhet og utstyr i norske fjell

Ein må vere førebudd på alle typer ver på fjellet, sjølv sommarstid. Difor må du ta med klede og utstyr tilpassa sol og fint ver, men også snø, regn og mykje vind. Veret kan snu raskt, og det er alltid kaldare på toppen av fjellet. 

Planlegg kva du tar med i sekken og pass på at du er beskytta mot sola.

Mange av forholdsreglane du bør ta om sommaren, gjelder også for vinterstid, berre i endå større grad. Når det er kaldt, er det endå viktigare at du kler deg i lag med ull, ikkje blir våt, og at du har vindtette ytterklede.

Hald deg varm og tørr, og få nok drikke. Viss du må oppsøke hjelp, beveg deg mot lavere terreng der bebyggelse er meir vanleg. Følg bekker og elver om du kan; bebyggelse finnes ofte ved elvebredder og i dalfører.

Vinterstid er det viktig å halde avstand å unngå overheng eller andre snøskredutsatte stadar, spesielt viss du ser at det har gått skred i nærheten. Husk å sjekke snøskredvarselet før du begir deg ut på tur.

Gå aldri på ein isbre ålene, sjølv om du er fjellvant. Viss du vil prøve brevandring, gå i taulag og saman med ein kvalifisert breførar.

Ta med nok mat og drikke, tilpassa lengde på turen. Godt fottøy er og svært viktig – bruk gjerne fjellstøvlar.

Skal du på fjelltur i et område du ikke kjenner, bør du alltid ha med deg kart, kompass, enkelt førstehjelpsutstyr og mobiltelefon. Det er mange steder i fjellet som ikke har mobildekning, men du kan ha flaks når du trenger den mest, så ikke la den ligge igjen hjemme. Men husk at kart og kompass er helt nødvendig i tillegg.

Vandre på stiar som er godt merka på kartet, og følg råda som står på skilt og informasjonstavler undervegs. Hald utkikk etter vardar av stein dersom du går deg vill i fjellet. Varder finn ein ofte nær etablerte stiar og er satt opp med kort avstand til kvarandre, slik at du frå kvar varde skal kunne sjå den neste i rekkja.

 

RELEVANTE PRODUKT