Byrkjelo Camping

Address: 6826 Byrkjelo  vis kart
Beliggenhet: Gloppen

Camping | Byrkjelo Camping er ein campingplass med både hytter, bubil- og camping moglegheiter. Campingplassen ligg rett sør for Byrkjelo sentrum, ved E-39. 

Byrkjelo Camping har fleire storleikar og priklassar, og campinganlegg godt tilrettelagd for alle typar campingeiningar. Les meir om tilboda og pris lengre nede på denne sida. Campingplassen tilbyr romslege omstillingsplassar, parkeringsluker for bubil med fast underlag. Teltområdet ligg godt tilrettelagd ved elva. Her er tilrettelagt med sanitæranlegg med kjøkken, vaskeri, toalett og dusjrom, samt familierom og HC baderom. 

Dette er eit flott område for barnefamiliar med stort uteområde, symjebasseng, leikeplass, grillhytte og bålplass, samt sandvolleyballball og bordtennis. Men like bra for eldre som ynskjer å trekke seg tilbake i den storslagne naturen eller vennegjengar for ein aktiv ferie i Nordfjordens ville eventyr. 

Symjebassenget er oppvarma og ope dagleg i skuleferien. Det er inngongsbillett til badeanlegget og halv pris for eigne gjester.

Området har mange flotte oppmerka turar, alt frå familietur på grusveg i lett terreng til toppturar. Du kan finne brosjyrer og inspirasjon til besøket i nærbuttiken ved sidan av. 

Gloppen kommune har også fleire interresante kulturminne og historiske attraksjonar. Sjekk ut kva du kan sjå og gjere i Gloppen ved å trykke her. Det er høveleg dagsturavstand til Loen, Olden, Geiranger, Sognefjord, Vestkapp og mange fleire perler. 

Du finn også kiosk på plassen med enkelt vareutval i hovudsesong. Ellers er det supermarked, lokalmat, bakeri og kafé innan 100-250 meters gongavstand. Bensinstasjon og bilverkstad like ved.

Det er godt ørretfiske i Breimsvassdraget som utgjer ca 45 km elv og tre større + fleire mindre innsjøar. I Breimsvatnet er det også røye. Dalaelva og Storeelva, som er ein del av Breimsvassdraget, møter kvarandre i skogsområdet bak campingplassen. Fiskekort for Breimsvassdraget får du kjøpt på campingplassen eller andre utsalsstadar i kommunen. ft. Kr 60,- pr. døgn. 

Her er og mogleg å leige sykkel.

Fasilitetar og tenester

  • Beliggenhet
    Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Fjellutsikt
  • Generelle fasilitetar
    Vannkoker/Kaffimaskin Enkeltseng Dobbeltseng Utendørs symjebasseng
  • Fritidsfasilitetar på området
    Fotturar
  • Spesielle krav
    Barnevenleg
  • Parkering
    Parkering/Garasje

Kontaktinformasjon


Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

Tlf +47 57 87 40 40

E-post til [email protected]

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt