Innvik Fjordhotell
Hotell |
Hotellet med fjorden i hagen - i hjartet av vakre Vestlands-Norge
Ope: 01.03.-20.12.
Innvik fjordhotell ligg i Innvik i Stryn kommune, rett ved fjorden. Hotellet tilbyr dagskurs og kurs og konferansar med overnatting for inntil 60 personar. Restauranten ligg på fjordsida med praktfull utsikt, 5 meter frå fjorden. Rett utanfor ligg uteterassen, der du kan nyte ein kopp kaffi eller eit måltid mat. Hotellet legg stor vekt på god, heimelaga tradisjonsmat. Koldtbordet har mange ulike salatar, varmmat, dessert, kaker og kaffi, og blir også brukt i lokale samanhengar. Ved Innvik fjordhotell kan du bestille mat til bryllaup, konfirmasjonar, fødselsdagar, firmafestar, julebord og ved andre høve. Du kan ha selskap på huset, eller du kan bestille maten heim til deg.
Hotellet er sertifisert som Miljøfyrtårn. Hotellet er tilpassa rullestolbrukarar og har heis.
Hotellet har eiga badestrand og sandvolleyballbane. Frå hotellet er det korte avstandar til kjende turistmål som Briksdalsbreen, Loen Skylift og Lodalen. Hotellet er eit greit utgangspunkt for rundturar i Nordfjord og området rundt, som tur til Geiranger, Trollstigen, Vestkapp og Sognefjorden. Innvik ligg midt i alt som kan opplevast på ein god norgesferie.
Hotellet har 26 dobbeltrom (10 av dei kan gjerast om til trippelrom), 7 enkeltrom og 1 familierom. Det er TV og trådlaust WIFI på heile hotellet.
Innvik fjordhotell ligg 17 km frå Olden og 23 km frå Loen langs RV60. Ekspresssbussen Bergen-Trondheim som korresponderer med Nordfjordekspressen (Stryn-Oslo), stansar ved hotellet.
Fasilitetar og tenester
Kontaktinformasjon
I nærområdet
-
Fjordblikk HytterHytter, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway, Listings, Hotels & More, Cottages & Holiday Houses10,6 kmVelkommen til Fjordblikk Hytter. Vi har fire hytter til utleige i rolige omg...
-
Sande CampingFeriehus & Leilegheiter14 kmSande Camping i Loen byr på overnatting i gode hytter og apartments, frå den ...
-
Sande CampingHytter15,7 kmPlusCamp Sande Camping byr på overnatting i hytter og apartments,både enkle s...
-
Hjelledalen HyttesenterHytter, Cottages & Holiday Houses, Listings, Hotels & More, Overnatting, Hytter og Leilegheiter, Visit Norway29,1 kmVelkomne til Hjelledalen Hyttesenter.