Vandring i Nordfjord

© Thomas Sagvik / eventyrhjertet
Lovatnet hiking Nordfjord
© Sverre Hjørnevik
Skåla Nordfjord
© Ronny Solheim
Vandring Nordfjord
© Photolads
Hoddevik Vandring Norge

 

Vandring

 

Nordfjord er full av opplevingar. Frå havutsikta lengst vest til brear og frodige stølstun inne i fjordarmane. Det vakre landskapet bør nytast frå mange ulike perspektiv. 

Med Nordfjord som din naturlege leikeplass finn du aktive opplevingar for alle. Stiar for store og små, lange og korte, vanskelege og lette. Den følelsen av storslått natur, mektig kultur og ein matpakke med smak av fjell og fjord! Velg tur etter ønskje, tur etter evne. Velg ditt spor i Nordfjord.Fjella i Nordfjord stig frå fjorden og heilt opp i over 2000 meter. Her finn du over 230 merka turstiar i variert terreng. Ingen andre stadar enn her finn du denne nærleiken mellom fjord, hav, fjell og isbrear. Og det milde klimaet på kysten, gjer vandring mogleg heile året.

Magiske vandreopplevingar i Nordfjord

Nordfjord har eit rikt utval av turar – enten på høge toppar som tek pusten frå deg, langs den eksotiske kysten eller på historiske vegar. Til saman representerer turane mangfaldet og spydspissane blant vandreturane i Nordfjord. Nokre av høgdepunkta er Via Ferrata Loen, Eggenipa, Hornindalsrokken, Trollnyken, Hornelen, Skongenes Fyr, Selja kloster Ytre Fure og Skåla – Det høgste fjellet med foten i fjorden. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

Vandreturar for heile familien

Mange barnevenlege vandreturar og kulturløyper kring i Nordfjord. Spesielt turløypeområda i Trivselsskogen på Sandane, Harpefossen på Eid, Turløyper Stryn med klatrepark og Hoven (Loen Skylift) er godt eigna for born. 

Seterbesøk

Setrane i Nordfjord er både attraktive turmål og særprega kulturminne. Seterdrift har lange tradisjonar i Norge. Seter finn du i alle dalføra i Nordfjord. Nokre har bilveg (som oftast bomveg) heilt fram, andre stadar må du ta beina fatt. På setervollane kan du ta deg matpause midt i bonderomantikken. Eit kulturlandskap rikt på tradisjonar og historie. Drøym deg tilbake til ei tid med budeier, hardt arbeid og felespel.

Kart og merka turstiar

I Nordfjord vil du finne stadig fleire turstiar som er merka etter nasjonal standard (vanskegrad grøn, blå, raud og svart). Kart kan kjøpast på turistinformasjonane kring i Nordfjord. På bokhandlane kring i kommunane finn du også andre relevante kart og turbøker.

Brevandring

Den mektige Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europiske fastlandet (med sine 487 km2). Ønskjer du og oppleve den magiske blå isen på nært haldkan du delta på guida breturar. Breførarar tek deg med på Haugabreen eller Tystigbreen. Om du heller vil sjå enn gå på han er dei berømte brearmane Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen dei lettast tilgjengelege. I tillegg er Bødalsbreen, Melkevollsbreen, Brenndalsbreen og Erdalsbreen flotte brear å betrakte frå avstand. Mange opplever det særeigne landskapet rundt breen som like unikt som sjølve breen.

Breane er is som er i konstant rørsle. Ha respekt for naturkreftene! Om du ikkje sjølv har gode nok kunnskapar om bre, er det mange dyktige breførarar som står klare til å ta deg med på ein isfylt tur Guida brevanfing med:

  • Breogfjell
  • Briksdal Adventure
  • Nordfjord Adventure (kun grupper)

 

 

 

 

Guida vandreturar

Ønskjer du i tillegg til naturopplevinga å lære om natur, historie, friluftsliv, lokale tradisjonar og andre spennande tema? Er du usikker på om du har gode nok kunnskapar til å ferdast trygt i naturen? Då anbefaler vi deg å leige ein guide. Fleire aktivitetsselskap i Nordfjord tilbyr guida turar.

For meir informasjon til kvart enkelt selskap, sjå nordfjord.no/xxxx.

Guida vandreturar med:

  •  Breogfjell
  •  Briksdal Adventure
  •  Nordfjord Aktiv
  •  Loen Active
  •  Norway AdvenTURes
  •  Stadt Naturguiding
  •  Uteguiden AS

Den norske turistforening (DNT) har meir enn 500 hytter rundt om i den norske fjellheimen. Sjekk ut dnt.no for meir informasjon om hytta du vil besøke er open, om den er ubetjent, selvbetjent eller betjent.

Her er DNT – hyttene i Nordfjord:

  •  Bødalsseter i Lodalen v/Bødalsbreen, 585 moh.
  •  Skålatårnet på toppen av fjellet Skåla i Loen, 1848 moh.
  •  Skålabu på toppen av fjellet Skåla i Loen, 1848 moh.
  •  Flatsteinbu på fjellplatå mellom Kvamsdalen, 1260moh.
  •  Vetledalseter i Erdalen i Stryn, 515 moh.
  •  Skongenes Fyr i Vågsøy.
  •  Longevasshytta i Naustavassdraget i Naustdal, 810 moh.
  •  Gjegnabu ved Gjegnalundsbreen, 1174 moh.
  •  Blåbrebu ved Ålfotbreen, 800 moh.

 

 

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar – ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Her er dagsturhyttene i Nordfjord:

  •  Nausdalskamben, Eid
  •  Draumkvila i Trivselskogen, Gloppen
  •  Nakkebruna, Hornindal
  •  Risnakken, Selje
  •  Kloppemyra, Stryn
  •  Kletten, Vågsøy

 

Å utforske fjella og å omfavne naturen er for dei aller fleste av oss ein del av det og vere nordmann. Når vårsola kjem og snøven foretar sin retrett, trekker vi på oss turkleda og gode gåsko – og så går vi tur. I fjellet, i skogen, langs fjorden og sjø.

Vi er et turfolk, rett og slett.

Vi ønskjer deg god tur med det ypparste av kva naturen og menneska i Nordfjord har å by på – turopplevelsen handlar om so mykje meir enn bare å gå.