Trollbu Aabrekk gard

Trollbu Aabrekk gard

Aabrekk Gard ligg øvst i Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i hytter og restaurert hus frå 1700- og 1800-talet, vi har eit serveringlokale (kafé) med god plass for selskap der vi servera...

Aabrekk Gard ligg øvst i Oldedalen i Stryn kommune. Vi tilbyr overnatting i hytter og restaurert hus frå 1700- og 1800-talet, vi har eit serveringlokale (kafé) med god plass for selskap der vi serverar heimelaga mat og vi sel matvarer som er produsert på garden. Produkta som vert levert frå garden er basert på sterke tradisjonar, og ber namnet Lykle.

Vi tilbyr overnatting i hytter og leiligheter frå mai til ut september.

I hovedsesongen har vi åpen kafé.
Frå 10.06.24 til 31.08.24. har kaféen åpent kvar dag frå kl. 11.00 til 18.00.


Vi har 22 sengeplassar fordelt på tre hus: to utleigehus (Trollbu og Voljastova) og eit hus som består av ei leilegheit i 1. etasje (Momestova), og ei leilegheit i 2. etasje, med eigen inngang på baksida. Sengesett, handkle og sluttvask er inkludert i leigeprisen. I husa og leilegheita i 1. etasje er det fullt utstyrt kjøkken, stove, soverom og wc/dusj. I leilegheita i 2. etasje er det eit minikjøkken med koke og steike moglegheiter, samt micro og eit lite kjøleskap. Bada på alle dei 4
Vi har 22 sengeplassar fordelt på tre hus: to utleigehus (Trollbu og Voljastova) og eit hus som består av ei leilegheit i 1. etasje (Momestova), og ei leilegheit i 2. etasje, med eigen inngang på baksida. Sengesett, handkle og sluttvask er inkludert i leigeprisen. I husa og leilegheita i 1. etasje er det fullt utstyrt kjøkken, stove, soverom og wc/dusj. I leilegheita i 2. etasje er det eit minikjøkken med koke og steike moglegheiter, samt micro og eit lite kjøleskap. Bada på alle dei 4 utleigeeiningane blei totalrenovert i 2023. Overnatting kan bestillast via heimesidene våre.

Trollbu Aabrekk Gard ligg ved startpunktet til Brenndalsbreen, som er ein flott gåtur i Oldedalen. Parkeringsplassar for turar til Brenndalsbreen ligg rett etter brua nede ved elva, med P-avgift.

Info:

Attributes

Restaurant
Dobbeltseng
Enkeltseng
Barnevenleg
Nærme naturen
Fotturar
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Fjellområde
Nærme elv
Fjellutsikt