Stad Hotell

Ein unik møteplass i storslått natur med historisk ramme rundt dei store hendingane i livet.

Restaurant med gode opplevingar på bordet og i glaset. Få maten servert heilt i sjøkanten utan å bli våt på beina – med ei utsikt dei færraste restaurantar kan by på. Råvarene kjem rett frå havet – både kortreist og langreist. Med kort avstand til Vestkapp, Ervik, Hoddevik og Selja Kloster står natur- og kulturopplevingane i kø.

Stad Hotell er allereie eit naturleg sentrum for møter, arrangement og opplevingar. Vi har effektiv avstand til både Ålesund, Bergen og Oslo - og kort køyreavstand til...
Restaurant med gode opplevingar på bordet og i glaset. Få maten servert heilt i sjøkanten utan å bli våt på beina – med ei utsikt dei færraste restaurantar kan by på. Råvarene kjem rett frå havet – både kortreist og langreist. Med kort avstand til Vestkapp, Ervik, Hoddevik og Selja Kloster står natur- og kulturopplevingane i kø.

Stad Hotell er allereie eit naturleg sentrum for møter, arrangement og opplevingar. Vi har effektiv avstand til både Ålesund, Bergen og Oslo - og kort køyreavstand til indre og ytre delar av det nye Vestland.

I løpet av 2019 blir Stad Hotell utvida til eit moderne turist- og konferansehotell med til saman 31 rom, der vi tilbyr suite, familierom og businessrom. Festsalen har plass til 200 gjestar og restauranten har mange spennande mulegheiter. Det er Ervik Havfiske Gruppen som bygger og eig Stad Hotell. Det borgar for den beste fisken og spennande rettar.
Konferanserom, pub og uteservering gjer Stad Hotell til ein perfekt stad for firmamøter, selskap og kulturarrangement.

Stad Hotell eignar seg godt for bryllaup, konfirmasjonar og familietreff. Eller kanskje berre for ein som vil finne litt ro i sjela.

Attributes

Handikapvenleg
Kjæledyr tillatt
Restaurant
TV
Dobbeltseng
Enkeltseng
Havutsikt
Barnevenleg
Nærme naturen
Hårføner
Badekar
Fotturar
Hund
Balkong/terasse
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Sentrum
Sprinkelseng tilgjengeleg
Gratis Wi-Fi