© Mattias Fredriksson
Ski Nordfjord
© Andre Skogseth
Stryn Vinterski Nordfjord
© Christian Nedrum
Harpefossen Ski Nordfjord catski
© Skipatruljen
Trakkemaskin Nordfjord


SKIANLEGG

 

Alpepass – 1 skikort – 9 skianlegg

Alpepass er eit felles heiskort som gjeld for 9 utvalde destinasjonar i Nordfjord og på Sunnmøre. Skisentera i Stryn, Harpefossen og Hornindal deltek i samarbeidet. Eit Alpepass gir tilgong til 32 heisar, over 60 nedfartar, terrengparkar, frikøyring, mykje snø og moro, blant anna Strandafjellet Skisenter. www.alpepass.no

 

Stryn Vinterski, Stryn

Skisenteret ligg 4 km frå Stryn sentrum. Knøttetrekk juniortrekk, samt akebakke og ulike aktivitetar for dei minste. Frå Ullsheim i Markane eller skisenteret i Stryn kan du gå i godt preparerte og varierte løyper. Opptil 40 km langrennsløypenett. 2 km lysløype for langrenn. Stryn Vinterski er også eit perfekt utgangspunkt for toppturar. Matservering. Alpepass.

Hornindal Skisenter, Hornindal

Lysløype for langrenn og tautrekk for slalom/skileik.
Varmestove og T-krok på 1487m. To preparerte nedfartar på 1600 m. Alpepass. 

 

Harpefossen Skisenter, Eid.
Fylkesanlegg i alpint. Eit allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett. Sju skitrekk der tre er barneskitrekk. Stort skileik område med aktivitetar og kjelkeløype. Flomlys i hovudtrase. Gode frikøyringsmoglegheiter, godt utgongspunkt for toppturar. Catskiing som tilbyr deilig kremterreng som ligg rundt 30 grader. Varierte turløyper for langrenn og 2 km lysløype. Matservering, ski- og kjelkeutleige. Big Air Bag.
Alpepass.

 

Breimsbygda Skisenter, Gloppen

Maskinpreparerte løyper, dag- og kveldskjøyring. Lysanlegg i nedkjøyringsløypene. Skianlegg og skitrekk tilpassa funksjonshemma. Fleire barneskitrekk. Fjellstove med enkel servering. Flott turterreng med preparerte tur- og lysløyper i området for langrenn. Gode forhold for køyring i laussnø.

 

Kleivane skianlegg, Gloppen.
3 km frå Sandane sentrum. Flott turområde rett ved skoggrensa. Preparert løypenett og lysløype. Akebakke, snøaktivitetar og grillhytte.