© Mattias Fredriksson
Ski Nordfjord
© Andre Skogseth
Stryn Vinterski Nordfjord
© Christian Nedrum
Harpefossen Ski Nordfjord catski
© Skipatruljen
Trakkemaskin Nordfjord

Ski og vinter

I Nordfjord finn du skiterreng i verdsklasse med fjell som ruvar frå nokre få hundre meter til vel to tusen meter over havet. Flotte anlegg med oppkøyrde løyper i vakker og spektakulær vestlandsnatur. Mange av løypene har flott fjordutsikt. Ved kysten kan vinteren vere mild og snøfattig, medan det ofte snør i indre strøk, noko som gjev eit stort antal dagar med puddersnø. I tillegg til å oppleve det dramatiske fjordlandskapet i vinterdrakt, kan ei reise til Nordfjord krydrast med topptur, surfing på Stad, spabehandling og velsmakande lokalprodusert mat. Vintersesongen i Nordfjord varer vanlegvis frå november/desember til april.

Langrenn

Opplev stillheita i naturen, der du kun høyrer dine eigne stavtak, eller bruk dei meir folkerike løypene, og gå saman med andre. Nordfjord kan skilte med nasjonale og internasjonale langrennsløyper. Kilometer med oppkøyrde løyper og endelause vidder tek deg med inn i den flotte naturen. Nordfjord gir deg varierte moglegheiter og vanlegvis gode snøforhold. På kveldstid er lysløypene klare til å ta imot deg.

Alpepass – 1 skikort – 9 skianlegg

Alpepass er eit felles heiskort som gjeld for 9 utvalde destinasjonar i Nordfjord og på Sunnmøre. Skisentera i Stryn, Harpefossen og Hornindal deltek i samarbeidet. Eit Alpepass gir tilgong til 32 heisar, over 60 nedfartar, terrengparkar, frikøyring, mykje snø og moro, blant anna Strandafjellet Skisenter. www.alpepass.no

Stryn Vinterski

Skisenteret ligg 4 km frå Stryn sentrum. Knøttetrekk juniortrekk, samt akebakke og ulike aktivitetar for dei minste. Frå Ullsheim i Markane eller skisenteret i Stryn kan du gå i godt preparerte og varierte løyper. Opptil 40 km langrennsløypenett. 2 km lysløype for langrenn. Stryn Vinterski er også eit perfekt utgangspunkt for toppturar. Matservering. Alpepass.

Hornindal Skisenter

Lysløype for langrenn og tautrekk for slalom/skileik.
Varmestove og T-krok på 1487m. To preparerte nedfartar på 1600 m. Alpepass. 

Harpefossen Skisenter

Fylkesanlegg i alpint. Eit allsidig skisenter med eit variert og rikt tilbod til alle som likar aktivitetar på ski eller snøbrett. Sju skitrekk der tre er barneskitrekk. Stort skileik område med aktivitetar og kjelkeløype. Flomlys i hovudtrase. Gode frikøyringsmoglegheiter, godt utgongspunkt for toppturar. Catskiing som tilbyr deilig kremterreng som ligg rundt 30 grader. Varierte turløyper for langrenn og 2 km lysløype. Matservering, ski- og kjelkeutleige. Big Air Bag.
Alpepass.

 

 

 

Breimsbygda Skisenter

Maskinpreparerte løyper, dag- og kveldskjøyring. Lysanlegg i nedkjøyringsløypene. Skianlegg og skitrekk tilpassa funksjonshemma. Fleire barneskitrekk. Fjellstove med enkel servering. Flott turterreng med preparerte tur- og lysløyper i området for langrenn. Gode forhold for køyring i laussnø.

Kleivane skianlegg, Gloppen

3 km frå Sandane sentrum. Flott turområde rett ved skoggrensa. Preparert løypenett og lysløype. Akebakke, snøaktivitetar og grillhytte. 

Høgdene, Gloppen

Skianlegg for langrenn med lysløype. 

Nordfjord Fritidssenter, Stryn

Langrenn og hopp. Fint skiterreng. Tautrekk.

Tua, Eid

Familievennleg og mykje nytta turområde. Preparerte tur- og langrennsløyper heile vinteren. Lysløype og serveringsbygg. Fleire opne turhytter (grillhytter) i området.

Guida toppturar

Ønskjer du å kjøyre på ski utanfor skianlegga, finn du flotte toppturmål i Nordfjord! Ver merksam på skredfare og skaff deg nødvendig informasjon om lokale forhold. Guide er anbefalt. Breogfjell, Loen Active, Norway AdvenTURes, og Uteguiden AS tilbyr guida toppturar i Nordfjord.

Trugeturar

Du treng ikkje vere god på ski for å oppleve fjellet om vinteren. Med truger på beina kjem du enkelt fram i snøen, og du kan ta deg god tid til å nyte naturen. Fleire tilbyr guida tur, med lån av truger på kjøpet. Loen Active, NorwayAdvenTURes og Uteguiden AS.

Surfing på Stad

Vinterstid er det ypperlege surfeforhold på Stad – ein av Norges beste surfespots! Surfarar frå heile verda valfartar hit. Ervik Surfshop, Lapoint og Stad Surfing. 

Uansett kva skivinteren bringer for deg, håper vi at du kjem nært kremføre, og den der umiskjennelige, deilige svisjelyden.