Vikingskip
©Ruben Soltvedt

Vikingar og helleristningsfelt

Å reise i Nordfjord er som ei reise i tida. For her kan du oppleve både gamle tradisjonar og moderne teknologi hand i hand. I Nordfjord er det ingen kontrastar mellom desse. Snarare tvert imot. Vi er stolte over å vise fram vår unike historie, og vi er ivrige over å vise fram det vi skapar i dag. Vi kallar det den historiske reisa i Nordfjord. Og vi inviterer gjerne deg med på denne opplevingsreisa.

Vingenfeltet

Vingen er ein av dei største helleristningslokalitetane i Norden og er eit unikt område i norsk, skandinavisk og internasjonal samanheng. Forskinga konkluderer med at det helleristningane vart til over eit tidsrom på over 2000 år, frå kring 3-4000 år f.Kr. Vingenfeltet er i dag det nest største helleristningsfeltet i Norge med vel over 2000 figurar.

Vingen ligg ved den vesle fjordarmen i Vingenpollen, inst i Frøysjøen i Bremanger kommune. På sørsida av fjorden er det ei smal strupe med jord mellom fjorden og foten av fjella. Her er den vesle garden Vingen, og det er her dei fleste ristingane er funne.

Vingen har utan tvil vore ein heilag stad som var viktig for samfunnet langs kysten i ein periode av steinalderen. Truleg har mange ulike former for religiøs og rituell praksis gått føre seg mellom helleristningsberga.

 

 

Vingenfeltet Helleristning
Viking Sagastad

@Ruben Soltvedt

Sagastad vikingskip

I fotspora til vikingane

Kven er eigentleg folket som budde ved fjorden for 1000 år sidan? Kvifor busette dei seg her, kva gjorde dei og korleis har dei forma oss slik vi er i dag? Bli med til Nordfjordeid der Sagastad, det nye kunnskapssenteret om vikingtida, ligg. Her kan du blant anna sjå det 30 meter lange Myklebustskipet, som vert rekna som eitt av dei største vikingskipa i verda.

Vikingskipet er no omkransa av interaktive utstillingar frå vikingtida. Her kan du lære om mystikk og ritual, skikkar, fest og kvardagsliv. Samt få kunnskap om noko av starten på den stolte sjøfartstradisjonen vi har her til lands.

 

Selja Kloster

Foto: Helle Frogner

 

 

Selja Kloster

Ute i havgapet, på ei lita grøn øy, ligg Selja kloster på øya Selja i Stad kommune. Ruinane etter klosteret er framleis godt synlege.Legenda om Sankta Sunniva danna grunnlaget for etableringa av den norske kyrkja. Gjennom heile mellomalderen var Sunnivakulten eit viktig mål for pilegrimar som valfarta til Selja. Rundt år 1090 etablerte engelske Benedictinarmunkar landets første kloster. På øya dyrka dei urter og bryggja øl, dreiv gardsdrift og handel, stelte sjuke, las og bad.

Anlegget må ha vore eit praktfullt syn i si storheitstid med søylegongar, bogar og flotte ornament uthogde i stein. Då svartedauden kom i 1348/49 vart drifta redusert og under reformasjonen vart klosteret nedlagt, plyndra og lagt i ruinar. I dag kan du drøyme deg vekk til ei svunnen tid, ved å besøke ruinane etter klosteret. Klosteret er godt bevart, og du kan klatre opp den smale trappa i kyrkjetårnet, lytte til kyrkjeklokka og gå inn i den heilage Sunnivahola, og drikke vatn frå Sunnivakjelda, som skal vere helsebringande.

 

På skulebenken

Når ein besøker ein moderne skule, er det vanskeleg å sjå føre seg korleis skulane var i «gamle dagar».  Men eit besøk i skulehuset på Faleide i Stryn vil gje svar på mange av spørsmåla. For skulebygget frå 1866, som på det meste hadde 40 elevar, er blitt omgjort til museum. Her kan du sjå eit autentisk klasserom frå ein svunnen tid, samt skulemateriell frå tidsepoken frå 1800-2000.

 

Selja kloster
Dragseidet Ervik

 

Då ein måtte brenne hekser

I 1663 vart Kristina Skryppen frå Gloppen stilt for retten, skulda for hekseri saman med sonen Aksel. Dei to tilsto å ha delteke på heksesabbat på fjellet Hornelen, og dommen var klar: Dei to måtte brennast levande på bålet. Dermed vart Kristina og Aksel blant i alt 65 personar frå Sogn og Fjordane som vart tiltalt for trolldom i åra 1560 til 1710.

På landsbasis vart truleg rundt 750 personar, dei fleste kvinner, dømt til døden for hekseri i Norge. Og mange av dei dystre sakene skriv seg frå Nordfjord. Søndag 9. juni 2002, 339 år etter at Kristina og Aksel vart ofre for heksejakta, vart skulpturen Heksemonumentet avduka ved ferjekaia ved Anda i Nordfjord.

 

 

 

Holvikjekta

Ei anna reise i historia er å besøke Nordfjord Folkemuseum som ligg på Sandane. Museet har med sine 45 historiske og nøye plasserte bygg i det vakre friluftsområdet samla mykje av den spanande historia i regionen. Her kan de vere med på guida omvisning, og enten besøke museumskafeen eller ta med eigen mat og nyte denne ute på museumstunet.

Når de først er i Sandane så er det verdt å ta turen for å kike på Holvikejekta frå 1881. I dag er det umogleg å forstå kva for slit det må ha vore å delta på jektefarta til og frå Bergen.

 

 

Holvikjekta Sandane

Ei historisk reise i Nordfjord