©
Bård B.
Topptur
©
Bård B.
Topptur

 

 

Topptur på ski

 

Topptur, eller randonee som nokon kallar det, er ein fantastisk aktivitet. I Nordfjord finn du skiterreng i verdsklasse med fjell som ruvar frå nokre få hundre meter til vel to tusen meter over havet. Flotte anlegg med oppkøyrde løyper i vakker og spektakulær vestlandsnatur. Mange av løypene har flott fjordutsikt. Ved kysten kan vinteren vere mild og snøfattig, medan det ofte snør i indre strøk, noko som gjev eit stort antal dagar med puddersnø. I tillegg til å oppleve det dramatiske fjordlandskapet i vinterdrakt, kan ei reise til Nordfjord krydrast med topptur, surfing på Stad, spabehandling og velsmakande lokalprodusert mat. Vintersesongen i Nordfjord varer vanlegvis frå november/desember til april.

Guida toppturar

Ønskjer du å kjøyre på ski utanfor skianlegga, finn du flotte toppturmål i Nordfjord! Ver merksam på skredfare og skaff deg nødvendig informasjon om lokale forhold. Guide er anbefalt. Breogfjell, Loen Active, Norway AdvenTURes, og Uteguiden AS tilbyr guida toppturar i Nordfjord.

<% totalFilter %> filter applied