Matopplevingar i Nordfjord

Nyt det aller beste Nordfjord har å by på

Kuer
Fjording
Kornblomst
Lefser
Mat
Påldtun saft
Påldtun sylte

Matopplevelsar i Nordfjord

I Nordfjord beitar dyra langs fjorden og dei frodige fjellsidene omkransa av høge fjell, blåkvite isbrear og ville fossefall. Mildt klima, godt jordsmonn og lange lyse sommarkveldar gir godt grunnlag for frukt og bær av høg kvalitet. Landbruk og fiske høyrer til dei naturgjevne føresetnadane i Nordfjord, og desse næringane står framleis sterkt i regionen. Det syner att i dei mest velsmakande kjøt- og fiskerettar, akkompagnert av sesongens bær frå skog og fjell, samt norsk frukt.

Det er fine forhold for fruktdyrking i Gloppen, difor var det var det naturleg at to verksemder har skapt sitt levebrød gjennom kvalitetsmat- og drikke med råstoff henta frå lokalt dyrka frukt. Påldtun frukt og bær lagar barndomsminne på flaske. Alt dei lagar er 100% heimelaga, tufta på gamle tradisjonsrike oppskrifter utan kunstige tilsetningar. Saft, sylte og hermetiske bær er laga på frukt og bær frå eigen gard og gardar i nærleiken. Gardsfolket på Gardsbrenneriet AS fann kvarandre i studietida der dei begge utdanna seg til sivilingeniørar i kjemi. Med god greie på kjemi var det kanskje naturleg at dei flytta heim til odelsgarden for å kombinere utdanninga med «det gode liv» på landsbygda. Gardbrenneriet pressar frukt og bær, hovudsakleg eple, til most og saft. I tillegg produserer dei edlare dråpar, eplebrennevin og eple- og pærelikør med namnet «Attåt». På Flo litt lenger inni fjorden, er det også lange og gode forhold for fruktdyrking, det kan epledrikk frå Flo Gardsmat vere med å stadfeste. 

Fjording er ein ny aktør på bana, som har utfordra den irske marknadsleiaren med å lage den første kremlikøren frå Norden, Fjording Nordic Cream. Med eit land som har stolte tradisjonar innan sprit og mjølk, dei to hovudingrediensane i kremlikør, var det naturleg å basere seg på norsk potetbrennevin, med smak av karamell og hasselnøtt. Namnet Fjording spelar på den geografiske dimensjonen, at ideen og produkta stammar frå det vakre fjordlandskapet i Nordfjord. Det at han kjem frå ei ekte fjordhestslekt, har gjort sitt til at han donerer 1 US-dollar for kvar selde flaske til gode fjordhestformål, for å bidra til å sikre framtida til vårt vakre nasjonalsymbol «Fjordhesten».  

 

Villsau og geit ber i seg smaken av Nordfjord og hamnar stadig oftare på middagsbordet til nordmenn. Stad Kystmat har etablert seg på kysten av Nordfjord, her har den tidlegare profesjonelle snøbrettkøyraren satsa på villsau, norrøn sau eller vikingsau som den også blir kalla. I det moderne gardsslakteriet og produksjonslokala blir det trylla fram gode produkt. Geit er også eit anna spanande dyr som trivst litt utanfor allfarveg. Geit og kje frå gardane i Kandal og Kandal Kjøt blir det laga geitekjøtprodukt i mange variantar – alt frå ferskt kjøt og filetar til tørrsalta og stabburstørka spekelår og pinnekjøt, dampapølser og pølser med geit og kvitløk. Er du interessert i ein liten arie, kan kanskje ein av bøndene som er operasanger, diske opp med song. Aabrekk Gard lagar også ost og kjøtprodukt på geit. På Jevnlid Garden blir det laga gode kjøt- og spekematprodukt, der respekt for og kjærleik til handverkstradisjonane er nokre av dei viktigaste ingrediensane. Er du ute etter noko heilt spesielt kan lindhonning frå Breheimen Naturprodukt eller gombe frå Fjellestad Gardskjøken anbefalast, om du ikkje vil ta turen til kysten og Knutholmen for havets festbord.

 

Stolte mattradisjonar
I Nordfjord har vi spanande og stolte mattradisjonar. På gardane blei både pølse, ribbe og anna tradisjonsmat laga på beste måte. Vi som bur her har alle barndomsminner der smakar og lukter frå mor sitt matbord er det vi hugsar best. Vi klatra barbeint på jakt etter dei saftige plomene i ein bestemorhage, for ikkje å snakke om stemninga rundt søndagsbordet med heimelaga sosakjøt og sviskegraut til dessert. Dei rikhaldige kakeborda som du finn både ved barnedåp og bryllaup er kjende i heile Norge.

Landbruk og fiske høyrer til dei naturgjevne føresetnadane i Nordfjord, og desse næringane står framleis sterkt i regionen. Det syner att i dei mest velsmakande kjøt- og fiskerettar, akkompagnert av sesongens bær frå skog og fjell, samt norsk frukt. I kystkommunane våre er fisk ein avgjerande ressurs. Ein moderne fiskeflåte og ei godt utbygd oppdrettsnæring spelar på lag med foredlings- og eksportverksemder heilt i verdstoppen. Så her på kysten er ein stolte av den høge kvaliteten på fiskeråvarer. Koblar du den kortreiste maten til naturopplevingane du kan få her, får du verkeleg «Nordfjord Smak» fullbyrda gjennom alle sansane