Kyst

Opplev det ville havet, kvite sandstrender og dei bratte fjellsidene i Nordfjord

© Ruben Soltvedt
Hoddevik Stadlandet Nordfjord Norway
Hoddevik Nordfjord Stadlandet Norge
Vestkapp Nordfjord Norge
Kråkenes Fyr Norge Måløy
Hoddevik Norge Kyst Surf
Kyst Norge Nordfjord

Kyst i Nordfjord

Pust ut. Gå barbeint på kvite sandstrender, og surf i bølgene som rullar inn frå havet i vest. Sov i eit fyr i stormen, og føl deg liten når bølgene smeller i veggen. Stå på Vestkapp-platået og jorda krummar seg i horisonten, bak det frykta Stadhavet.    

Kystlinja i Norge strekkjer seg over 13 breiddegrader og er heile 57 000 kilometer lang. Dette viser kor lang og kor viktig ferdselsåre kysten er.  Kystkulturen er verkeleg unik, og fiskerbygdene bugnar av gamle frodige historier om stormar, stor fangst og kjærleik. I ytre Nordfjord har folk til alle tider vore knytt til hav og fiske. I tråd med denne tradisjonen og med framtidsretta næringsutøvarar, ar kommunane utvikla ein stor og moderne fiskeflåte og ein topp moderne eksport- og framtidsretta fiskeindustri.

Fyr
For dei som skulle ferdast langs kysten, var det ikkje berre viktig å få los, dei måtte og kunne styre etter merke, lykter eller fyr. Bygginga av hundrevis av fyr langs den verharde kysten vår, frå Finnmark til svenskegrensa, er eit av dei største og mest imponerande prosjekta i norsk historie. I Nordfjord vart det bygd fire fyrstasjonar: Skongenes fyr (1870), Ulvesund fyr (1870), Kråkenes fyr (1906) og Hendanes fyr (1914).

Surfing
På Stad finn du ideelle forhold for surfing med bølgjer frå storhavet, kvite sandstrender og dei bratte fjellsidene som ei perfekt ramme. Kanskje tenkjer du først på palmesus og tropevarme i sydlige strøk når du høyrer om surfing. Minst like eksotisk er det å surfe i det vakre kystlandskapet på Stad. Lenge har desse fantastiske strendene vore skjulte surfeperler, men no har fleire og fleire fått augene opp for surfinga i havgapet. På den kilometer lange sandstranda i Hoddevik finn du ein av Norges beste og vakraste surfeplassar. Tre mil unna ligg Ervikstranda, og her finst det nesten alltid bølgjer. Ver merksam på understraumar og vrakrestar i Ervik.

Dykking
Kysten av Nordfjord er eit eldorado for dykkeentusiastar. Ved værharde Stad har utallige båtar fått sin skjebne, men få av dei er blitt oppdaga og dykka på. Kanskje du er den heldige som finn eit nytt vrak. Vi har ein frodig natur med høge tareskogar, grotter og spanande fjellformasjonar. Det er også mykje fisk og skalldyr rundt om i heile området.

Andre aktivitetar
I tillegg aktivitetane over, er det også mogleg å leige seg båt på dei fleste overnattingsstadane langs kysten. Her kan du fiske, vere med på RIB-tur, båttur eller ta deg ein dukkert ved ein av dei flotte kvite sandstrendene ved kysten av Nordfjord. Ta med bøtte og spade og oppsøk dei flotte sandstrendene i Selje: Seljesanden, Ervik, Hoddevik eller Refviksanden i Vågsøy.

Fiske
På 1800-talet var vårsildfiske ein pilar i den økonomiske aktiviteten både i Nordfjord og resten av fylket. I 1868 deltok nærare 3000 nordfjordingar i vårsildfisket. Selje og Vågsøy, som då var ein kommune, hadde flest deltakarar, om lag 900. Sjølv om torskefisket kunne slå bra til, er det silda som har vore det viktigaste fiskeslaget i Nordfjord og elles i Sogn og Fjordane. Folk i kystbygdene fiska helst frå heimplassen. Dei tilreisande, samla seg i dei typiske fiskeværa. Frå gamalt hadde Torskangerpoll i Vågsøy vore den største samlingsplassen, nest etter Borgundsund på Sunnmøre. Frå midten av 1800-talet voks også Kalvåg fram som eit av dei viktigaste fiskeværa på Vestlandet. 

 

Hanseatane og handel til sjøs
Frå 1300-talet til midten av 1500-talet dominerte Hanseatane handel mellom nordaust- og nordvest-Europa, og dekka råmaterialer og matforsyning til vesten, og aust fekk vestlege produkt i byte. Vesten fikk produkt som pels, voks, korn fisk, lin, hamp, tre og tømmerprodukt, tjære, potet. Til gjengjeld brakte hanseatane med seg industrielle, ferdige produkt som tøy, metallvarer, våpen og krydder. 

Det er noko usikkert når hansatiden i Bergen eigentlig starta, men det ein veit med sikkerheit, er at den bergenske handelen med Tyskland allereie gjekk føre seg på 1100-talet. I Tyskland tidfesta rein hansatiden vanlegvis frå 1200- til 1500-talet.

Bergen var i og for seg ingen hansaby, men eit sete for eit av dei fire Hanseatiske kontora, som ved siden av Bergen bestod av Brügge, London og Novgorod. Imidlertid varte Hansatiden lenger i Bergen enn i resten av Europa. I Bergen bestod handelen stort sett i byting av korn mot saltfisk, for i Norge hadde ein meir fisk enn det vi trengde sjølve.  Då hansakontoret i Bergen blei lagt ned i 1754, overtok Det norske handelskontor, som blei stifta av norske, men etnisk tyske, kjøpmenn. Dette varte fram til 1899, då Det Norske Handelskontor blei oppløyst. Femti år seinare blei fiskehandelen flytta til Bontelabo, då dei gamle trehusa blei utdatert som viktigaste fiskemarknad i Bergen.

Holvikejekta og handel med Bergen
Jektene blei brukt som fraktefartøy langs heile kysten, frå Hardanger i sør til Finnmark i nord. Bergen var målet for dei fleste frakteferdene. Langs kysten var det fisk som skulle seljast, i fjordane ved. Truleg overtok denne fartøytypen etter vikingtida sitt handels- og fraktefartøy, knarr. Holvikejekta er den siste av dei tradisjonelle fraktefartøya, «jektene», som trafikkerte fjordane og norskekysten frå middelalderen og fram til førre hundreårskifte. Holvikejekta vart brukt til å frakte ved og trelast til Bergen. Jekta kunne ta vel 120 famner ved. Var veden kløyvd året før, var han lettare, og dei hadde ved eit høve med 150 famner. I tillegg til famnved, var det vanleg å ha med material, tynneband, bastetau, never, tønner og skrin, heimevove tøy og andre heimelaga produkt til å selje i byen. Born kunne samle kongler for sal eller knusk til kveikje. Av større ting jekta tok med var færinger (båter) og mastestolper. Det hende og at levande dyr vart tekne med til Bergen. Då laga dei eit rom til desse i vedlasset. Slik last var alltid bestilt før levering, medan veden som var med, skulle seljast i byen i større eller mindre parti. Med sine 20 meter er Holvikejekta den største bevarte klinkbygde jekta i landet og unik i verda. Den vert omtala som eitt av dei mest verdifullle maritime kulturminne i landet. Jekta kan du oppleve på nært hald, Holvikejekta finn du på Sandane i Gloppen kommune.

Sikkerheit på sjøen
Til ein kvar tid må du tenkje sikkerheit når du er på sjøen. Ha respekt for havet og veret, og bruk flytevest eller anna godkjent flyteutstyr. Ver utkvilt, edru og vis omsyn – og hugs at sikkerheit, miljø og trivsel for alle er eit felles ansvar.

Sjøvettreglane: https://www.visitnorway.no/planlegg-reisen/sikkerhetstips/sikkerhet-pa-sjoen/

 

RELEVANTE PRODUKT