Hydlastova

Hydlastova

Ditt utgangspunkt for hygge til fjells. Berre 10 minutt frå Stryn sentrum finn du Hydlastova i tilknyting til Hydlaparken. Flotte turløyper om sommaren og skiløyper om vinteren finn du rett utanfor dø...

Ditt utgangspunkt for hygge til fjells. Berre 10 minutt frå Stryn sentrum finn du Hydlastova i tilknyting til Hydlaparken. Flotte turløyper om sommaren og skiløyper om vinteren finn du rett utanfor døra til Hydlastova.
Hydlastova er kafé i Hydlaparken sine opningstider. Vinterstid kan opningstidene variere noko, oppdaterte opningstider finn ein alltid på nettsida vår. I restauranten kan vi vise til ein meny som passar for alle. Varm mat, salat, kaffe i fleire variantar, kakao, kake og kanelbollar står mellom anna på menyen. Hydlastova er ditt utgangspunkt for gode opplevingar saman med familie og vener – sommar og vinter.

Hydlastova kan leigast til selskap, konferansar/teambuilding. Då tilbyr vi
Hydlastova er kafé i Hydlaparken sine opningstider. Vinterstid kan opningstidene variere noko, oppdaterte opningstider finn ein alltid på nettsida vår. I restauranten kan vi vise til ein meny som passar for alle. Varm mat, salat, kaffe i fleire variantar, kakao, kake og kanelbollar står mellom anna på menyen. Hydlastova er ditt utgangspunkt for gode opplevingar saman med familie og vener – sommar og vinter.

Hydlastova kan leigast til selskap, konferansar/teambuilding. Då tilbyr vi skreddarsydde pakkar ut i frå ditt ønske og behov.

På www.hydlastova.no vil du finne informasjon om planlagte arrangement. Dette kan til dømes vere konsertar, after-ski og andre tilstellingar.

Har du lyst til å samle kollegaer, familie og vener i unike omgjevnader? Ta kontakt på post@hydlastova.no eller tlf. 91 11 64 93 for reservasjon eller meir informasjon.

Info: