Heim til jul med Helgesenkoret

Heim til jul med Helgesenkoret

Åtte søsken, familie og vener inviterer deg heim til jul Opplev fortryllande tonar og la julefreden breie seg rundt deg og i deg, heilt av seg sjølv. Konserten vil spenne frå det vakre og vare til ...

Åtte søsken, familie og vener inviterer deg heim til jul

Opplev fortryllande tonar og la julefreden breie seg rundt deg og i deg, heilt av seg sjølv. Konserten vil spenne frå det vakre og vare til humoristiske innslag, barnekor og mektige korstykke.

Alt akkompagnert av dyktige profesjonelle musikarar og leia trygt i hamn av Line Dybedal.

Helgesenkoret består av åtte søsken saman med familie og vener. Dei har i 12 år halde julekonsertar i Nordfjord.

Dette blir deira siste julekonsert for ei stund, så nytt høvet til ein kveld med desembermagi med Helgesenkoret.

Info: