Fossar i Nordfjord

Rå prakt, kraft og energi

Foss Norge Nordfjord
Fosser Norge Nordfjord
Briksdalen Nordfjord Norge
Foss Norge Nordfjord

Fossar i Nordfjord

Rå prakt, kraft og energi. Fossane kastar seg ut som kvite slør frå bratte fjell og er eit vakkert syn. Langvegsfarande har oppsøkt fossane våre heilt tilbake til 1800-talet. 

Du finn faktisk heile 10 av verda sine 30 høgaste fossar i Norge, ifølge World Waterfall Database. Sjølv om slike lister gjerne er gjenstand for krangel, og det ikkje finst noko definisjon av kva er ein  «foss», er det liten tvil om at dei store høgdeforskjellane i Norge har skapt fossar som er heilt unike i verdssamanheng.

Fleire av dei er blant våre mest populære turistattraksjonar, og er viktige innslag i det norske landskapet. Mange av dei mest naturskjønne fossane finn du på Vestlandet, og dei beste tidene å oppleve fossane på er i mai og juni, då snøen og isen frå fjellet smeltar og vassnivået er på sitt høgaste. 

Fossane i Nordfjord er majestetiske. Du treng ikkje gå lange, bratte fjellturar for å sjå desse. Mange finn du ved å ta ein liten avstikkar langs hovudvegen. Vi har mange flotte fossar som er verdt å nemne;

 

Kleivafossen, Eidsfossen, Glomnesfossen, Ramnefjellsfossen/Utigardsfossen, Tvinnefossen, Holvikfossen, Videfossen/Buldrefossen, Krunefossen, Volefossen, Strupen. Kanskje du kan finne din favoritt?

Energiproduksjon
For nordmenn er fossane mykje meir enn berre ein naturidyll som ein tek bilete av. Fleire fossar i Norge er brukt til energiføremål, og her til lands kjem nesten all elektrisiteten vår frå vasskraft. Vasskraftfylket Sogn og Fjordane står for ein vesentleg del av den samla produksjonen av el-kraft i Norge. 

Sikkerheit ved fossane
Ver venleg å respektere at fossane representerer ekstreme naturkrefter, som kan vere farlege. Ikkje berre er straumen sterk om du fell i vatnet, men bakken i nærleiken er ofte glatt og våt, medan kantane rundt er bratte og høge. Føl du instruksar og held deg til merka stiar eller utanfor inngjerda områder er du trygg. Ver særleg forsiktig på vinterstid, når det gjerne er is rundt fossane, og på våren då vasstanden er spesielt høg.