Selja Kloster

På kjøretur i sommar?

Reiserutene for deg som ønskjer å utforske noko nytt

Briksdalsbreen

 

Reiserute: Frå det vestlegaste fjellplatået Vestkapp til historiske Selja Kloster

Denne reiseruta er tilpassa eventyrlystne par som ønskjer å utforske det spektakulære landskapet på Vestlandet. Frå å nyte panoramautsikta frå Vestkapp og smake på lokale delikatesser på Vestkapp Restaurant, til å vandre frå Ervik til Hovden. Berre med spenninga å surfe på bølgene frå storhavet i Hoddevik, vil denne ferda være fylt med uforgløymelege eventyr.



Stopp 1: Et middag på Vestkapp Restaurant med panoramautsikt
Stopp 2: Vandre frå Ervik til Hovden
Stopp 3: Surf på bølgene frå storhavet i Hoddevik
Stopp 4: Sjå Hoddevik frå utsikta på Mosekleivhornet
Stopp 5: Overnatt på Fru Inga Apartments med havutsikt
Stopp 6: Nyt den kvite sanden og det blå vatnet på Seljesanden
Stopp 7: Ta båten ut til historiske Selja Kloster

 

Finn alle produktene i reiseruta under.

 

 

Reiserute: Frå fjord til fjelltopp: Ei eventyrleg reise i Nordfjord

Denne reiseruta er for deg som ønskjer å ta med kompisen, venninna eller kjæresten på ein opplevingsrik ferie. Overnatt på Sande Camping, vandre opp Skåla, og ta Loen Skylift til toppen av fjellet Hoven. Klatre i Lotsberg Klatrefelt, og sov i ei den unike hytta Skaara Living. Nyt Nordfjord Bad og Spa, smak nybakt bakst på Minibakeriet, og dykk inn i vikinghistoria på Sagastad Vikingsenter. Vi har valt ut aktivitetar, spisestader og overnattingsstader tilpassa dykk.


 

Stopp 1: Overnatt på den ikoniske campingplassen Sande Camping
Stopp 2: Vandre opp Skåla - Noregs høgaste fjelltopp med foten i sjøen
Stopp 3: Ta Loen Skylift til toppen av fjellet Hoven, 1011 moh.
Stopp 4: Klatre i spektakulære Lotsberg Klatrefelt
Stopp 5: Overnatt i "Birdboxen" Skaara Living
Stopp 6: Nyt Nordfjord Bad og Spa på Nordfjord Hotell
Stopp 7: Et nybakt bakverk på det sjarmerande Minibakeriet
Stopp 8: Dykk inn i norsk vikinghistorie på Sagastad Vikingsenter

 

Finn alle produktene i reiseruta under.

Via Ferrata Loen

Bli med i Norge sin tøffaste via ferrata

© Loen Skylift
Via ferrata Loen