Fru Inga Apartments

Fru Inga Apartments tilbyr fire ferieleilegheiter ved sjøen på Stadlandet, med sjøutsikt frå alle rom og kort veg til Hoddevik og Ervik.

Om produktet

Fru Inga Apartments tilbyr utleige av fire ferieleilegheiter i den nyrenoverte sjøbua ved vasskanten på Stadlandet.

Bygget ligg på eige område, 20 minutt frå Hoddevik og 2 minutt frå sentrum på Leikanger. Like ved sjøbua finn du Fru Inga bakeri & restaurant. Her tilbyr ein eit godt utval av bakerivarer, lunsj- og middagsrettar. Staden har alle rettar og kan også tilby møteromsfasilitetar.

Ferieleilegheitene har frå eitt til to soverom og totalt 12 sengeplassar. Alle leilegheitene er fullt møblerte og utstyrte med alt du treng for eit koseleg opphald. Sengetøy og handklede er inkludert i prisen. Alle har eige bad med dusj og eiga vaskemaskin.

Alle leilegheitene stod nye i 2021 og er lokaliserte i same bygg, med felles inngangsparti og hall. To av leilegheitene ligg i første etasje og to i andre etasje. Leilegheitene er mellom 55 og 70 m². Dei største har to soverom kvar – eitt med stor dobbeltseng og eitt med to enkeltsenger, med totalt fire sengeplassar. Dei minste har eitt soverom med stor dobbeltseng og to sengeplassar.

Branntryggleik og anna tryggleik er godt ivareteke, og kvar leilegheit har sitt eige ventilasjonssystem.

Det er fullt utstyrte kjøken i alle leilegheitene med kjøl, frys, oppvaskmaskin, vask og komfyr. Her er alt du treng for å lage eit godt måltid. Alle fire leilegheitene har eige bad med dusj og WC, i tillegg til eiga vaskemaskin.

Leilegheitene er tilknytte fiber, og alle fire har eigen TV med moglegheit for bruk av data.

Leilegheitene ligg nydeleg til like ved vasskanten og har sjøutsikt frå alle rom. Det er gode moglegheiter for bading og fiske like utanfor døra. Uteområdet er under opprusting og framstår i dag som naturleg og urørt, like ved Fru Inga restaurant. Her er det ei stor, møblert uteterrasse som er tilgjengeleg for alle gjester.

Er du heldig, kan du oppleve dyr som lever i og ved havet på nært hald. Det er mellom anna mogleg å sjå oter, havørn, spekkhoggar, sjøfugl og nise.

Leikanger er eit godt utgangspunkt for opplevingar på Stadlandet. Det er berre 20 minutt til Hoddevik for surfing, og endå kortare til stranda i Ervik. Det er surfeskule like i nærleiken, med gode moglegheiter for å leige surfeutstyr for heile familien.

Stadlandet har 18 merka turløyper i området. Dei gir gode moglegheiter for rekreasjon og avkopling, samstundes som fleire av dei byr på fysiske utfordringar. Turløypene er gratis å bruke og godt merka. Her får du 360-graders utsikt over himmel, hav og fjellplatå, utan vegetasjon som dekkjer for utsikta.

Likar du å bruke tursykkel, er det gode moglegheiter for dette i området. Du finn variert terreng og fine turmoglegheiter til bygdene rundt på Stadlandet.

Ønskjer du å bruke kajakk, SUP-brett eller kano, er dette også aktivitetar du lett kan gjennomføre på Stadlandet.

På Leikanger finn du utandørs tennisbane med kunstdekke, som stod ny i 2019. Bana har internasjonale mål, og du kan leige tennisutstyr dersom du treng dette. I tillegg finn du utandørs sandvolleyballbane og ein ny skatepark. Ved skulen er det ei utfordrande aktivitetsløype med ulike hinder som kan nyttast av både små og store.

Stadlandet har med andre ord mykje å by på, så ikkje nøl med å ta turen ut hit og bli nokre dagar. På denne måten kan du få oppleve alt Stadlandet har å by på.

Eigenskapar

  • Sommar
  • TV
  • Dobbeltseng
  • Enkeltseng
  • Havutsikt
  • Barnevenleg
  • Nærme naturen
  • Fotturar
  • Vinter
  • Vannkoker/Kaffimaskin
  • Balkong/terasse
  • Vår
  • Nærme fjellområde
  • Landleg
  • Utandørs parkering - Gratis
  • Fjellutsikt
  • Gratis Wi-Fi
  • Haust

Kontakt oss

Book no