Skaara Living

Skaara Living

Skaara Living byr på ei unik Birdbox-oppleving med panoramautsikt over naturen i vakre Nordfjord.

Sjå føre deg korleis det er å bu i ei fuglekasse heile 270 meter over havet, med panoramautsikt der himmelen sitt fargespel skaper ei utsikt av det sjeldne. Denne opplevinga kan du få hos Skaara Living.

Skaara Living har utleige av to unike Birdbox-hytter i naturskjønne omgjevnader på Lotsberg i Nordfjord. Ei overnatting som gir ro, nærleik til naturen og ei avslappande oppleving. Du søv midt i urørt natur og alt den har å by på, samstundes som sjølve fuglekassa er designa for å gi ei kjensle
Sjå føre deg korleis det er å bu i ei fuglekasse heile 270 meter over havet, med panoramautsikt der himmelen sitt fargespel skaper ei utsikt av det sjeldne. Denne opplevinga kan du få hos Skaara Living.

Skaara Living har utleige av to unike Birdbox-hytter i naturskjønne omgjevnader på Lotsberg i Nordfjord. Ei overnatting som gir ro, nærleik til naturen og ei avslappande oppleving. Du søv midt i urørt natur og alt den har å by på, samstundes som sjølve fuglekassa er designa for å gi ei kjensle av komfort og luksus. Med store panoramavindauge kan du ligge komfortabelt i dobbeltsenga medan du følgjer med på dyrelivet rett utanfor. Her får du ei heilt spesiell kombinasjon av natur, stillheit og komfort.

Skaara Living tilbyr meir enn berre eit overnattingsstad – her kan du oppleve eit lite eventyr midt i naturen i vakre Nordfjord.

Skaara Living har to Birdbox-hytter: Lotsbergskaara og Hjellaakeren. Begge fuglekassene er skjerma frå kvarandre og ligg omgitt av naturen. Når du kjem inn døra finn du ei komfortabel dobbeltseng, ein liten kjøkenkrok med vasskokar og kjøleskap, samt eit koseleg sitjeområde med den fantastiske utsikta rett utanfor.

Alt du treng å ta med deg er mat og drikke, klede for å nyte naturen og litt eventyrlyst. Kvar fuglekasse har eige toalett. Vi gjer merksam på at det ikkje er innlagt vatn i området, og derfor heller ikkje dusjmoglegheiter.

Med både varme og aircondition i fuglekassene kan du nyte opphaldet både på varme sommardagar og kjølege haust- og vinterkveldar. Hyttene har plass til to personar og passar perfekt for ei romantisk oppleving, ein tur med ein god ven – eller for deg som ønskjer ro og stillheit åleine.

Her kan du få eit etterlengta avbrekk frå kvardagen. Det er også gratis Wi-Fi, så dersom du treng ein roleg stad å jobbe frå, er det mogleg.

Frå Lotsberg har du kort veg til fleire flotte turmoglegheiter, både korte og lengre turar. Samstundes er det berre rundt 15 minutt køyring til Nordfjordeid sentrum, der du finn butikkar, restaurantar og fleire attraksjonar.

Skaara Living ligg også sentralt til for å oppleve fleire av dei mest kjende reisemåla i Nordfjord. Attraksjonar som Loen, Hoddevik, Vestkapp og Refviksanden ligg alle om lag ein times køyring unna.
Book no

Info:

Attributes

Sommer
Dobbeltseng
Nærme naturen
Røykfritt
Fotturar
Vinter
Vannkoker/Kaffimaskin
Balkong/terasse
Vår
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Ved fjorden
Gratis Wi-Fi
Høst