Borna sitt Nordfjord
©Ruben Soltvedt

I Nordfjord finn du mange tilbod som passar for familiar. Ta med deg barna og la dei utforske naturen vår gjennom spennande aktivitetar. Her gir vi deg nokre eksempel til inspirasjon.

Om det pøsar ned kan det vere kjekt å kose seg med ein film inne. Dei fleste bygdesentruma har kino. Spør på turistinformasjonen eller sjå etter plakatane. Elles så kan kanskje eit besøk til Bowlingen i Måløy vere verdt eit besøk. Her kan du feire gebursdag, nyte mat og drikke, spele bowling, biljard og andre underhaldningspel.

Ballbingar, klatreparkar, leikeplassar, sandvolleyballbaner og minigolf finst rundt om kring i dei ulike kommunane i Nordfjord, gjerne i nærleiken av skulane.

Ruben
 

Actionfulle aktivitetar 

I Nordfjord finn ein ei rekkje spennande og eventyrfylde aktivitetar ein kan ta med borna på. Ein kan sykkle, padle i kajakk, reise på guida fisketur eller kanskje ta ein dag med klatring? Her finn ein noko for ein kvar smak. 

Hydlaparken

Sykkel

Sykling er ein aktivitet som stadig blir meir populær i Nordfjord, og dei siste åra har det blitt laga til fleire sykkelstiar og løyper, samt at fleire tilbyr sykkelutleige. Likar du å skate? Ved Stryn stadion, Folven Camping i Hjelledalen, Sandane sentrum og ved Eid idrettspark på Nordfjordeid finn du område for skating.

Aktivitetar på vatnet

 

Klatring

Vil du klatre, kan du prøve den tilrettelagde klatrestien via ferrata til toppen av Hoven (aldersgrense 12 år). To nye zip-lines er også mulig å prøve når du likevel er oppe på Hoven. 

Hydlaparken i Stryn er ein annan stad du kan få testa ferdigheiter og høgder. 7 klatreløyper med ulik vanskegrad, 11 zip-liner, eit femten meter høgt klatretårn med ”Hydlaspranget” og klatrevegg, samt eit flott nettverk av stiar har vekse fram på moreneryggen som ligg i nedre del av Hydla hyttegrend.

Eller kanskje fristar det å ta med barna og familien på ei spennande klatrereise i Noregs einaste Vikingkrigar-rom? I vikingrommet på Hamna har vi samla «alt i ein fjord» der barna kan klatre på vikingskip i kamp mot Midgardsormen og klatre på fjell med isbre.

Dyr

Å vere saman med eller studere dyr er noko som alltid fell i smak. Har du sett filmen «Frost» med Anna og Elsa så har du kanskje lagt merke til alle dei flotte fjordhestane som er med i filmen. Har du lyst til å ri på ein, så kan du oppsøke Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid eller Stall Rygg på Sandane tilbyr rideturar i fjellet, rideturar i nærmiljøet frå halvtime til dagsturar.

Likar du hjort betre, så kan Nave Hjortefarm på Bryggja vere aktuell å besøke, her kan du kome tett på hjort og delta i foringa. På garden er det også kasjmirgeiter, lama, esel og hund.

Hakalle Garden i Vanylven finn du alpakka, hundar, påfugl, geiter, miniatyrhestar, esel, katt og hest.

Turar

Nordfjord er skapt for vandring. Her finn du også mange barnevenlege vandreturar og kulturløyper kring i regionen, spesielt turløypeområda i Trivselsskogen på Sandane, Harpefossen på Eid, Turløyper Stryn og Hoven (Loen Skylift) er spesielt eigna for born. Kontakt turistinformasjonen for meir info og tips.

Opplev breane – Briksdalsbreen er eit populært reisemål, med ein flott vandretur opp den 3 km grusvegen til Briksdalsbreen. Spanande jettegryter og dyr som beiter. Kanskje kan det vere spanande å bli køyrt opp i dei små opne Trollbilane? Bødalsbreen og Kjenndalsbreen i Lodalen er flotte vandreturar for familien. I Kjenndalen kan du fint trille barnevogn på den fine stien inn til isbreen frå parkeringsplassen. 

Dagsturhyttene

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane er eit lågterskeltilbod for turgåarar, med nynorsk turbibliotek. Ho er om lag 15 kvadratmeter og er ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle. 

Bading

Vi reknar med at du er glad i vatn som alle andre barn.  Ta med bøtte og spade og oppsøk dei flotte sandstrendene i Selje: Seljesanden, Ervik, Hoddevik eller Refviksanden i Vågsøy. Innover fjorden er det også fine badeplassar som blant anna i Sagaparken på Eid. Trivselsbadet på Sandane har stupetårn, sklie, 2 basseng og eit eige barnebasseng. Alexandra Bad & Spa og Nordfjord Hotell har badebasseng og utandørs boblebad. Gloppen Camping og Byrkjelo Camping har oppvarma utandørs symjebasseng med solterrasse og leikeområde. Nokre av dei offentlege symjehallane har også sommarope. 
 

Kultur og Historie

I Nordfjord finns det mange gamle segner, historier og spennande funn frå langt før vår tid. Har du lyst å lære om vikingane som levde i Nordfjord, eller kanskje høyre forteljinga om dei som var på Vingen fleire tusen år før kristus si tid? Då er Nordfjord den perfekte plassen.