Kvitfella Feriehytter

Område: Gloppen

Hytter og Leilegheiter | Hytter med panoramautsikt Ein betre stad for å nyte ferien saman med familie og vener enn på Kvitfella og Rauset finn du knappast. Hyttene ligg usjenert til i bakkane over Gloppefjorden, solrikt og med panoramautsikt mot fjord og fjell. At staden har vore attraktiv for mange viser funn av ei vikinggrav rett ved hyttene. Her kan du oppleve livet på ein gard, gå turar i skog og fjell, fiske på fjorden, det er eit flott tur- og fisketerreng innover dei mange dalane rundt plassen, eller berre slappe av og nyte utsikta frå hytteveggen. Det er også kort veg til dei mange tettstadane i området. Du har også eit fint utgangspunkt for dagsturar til både bre og hav i Nordfjord og områda rundt. Gloppen og nabokommunane er kjent for eit rikt festival- og kulturtilbod, og alt er lett tilgjengeleg frå Rauset. Gloppeelva er også mellom dei mest populære lakseelvane i landet.

Kvitfella Feriehytter tilbyr to romslege og godt isolerte hytter med alt du treng til ein vellukka ferie - året rundt. I kvar hytte finn du ei stor stove, eit velutstyrt kjøkken, fire soverom med til saman åtte sengeplassar, varmt og kaldt vatn, bad, oppvaskmaskin og vaskemaskin, frysar, internett og parabol-TV med Riks-TV, ei lang rekke norske og ...

Vis meir

Hide

Build: 29.04.2024 15:22:53, Host: CBONLINEBOTS01, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Cabin, Action: showdetails