TOpptur på Ski
©Foto: Bård Basberg

Frå fjellet og brelandskapet til havet

Loen Skylift går heile vinteren og tek deg frå fjordkanten til 1 011 meter over havet på fem minutt. Der oppe ligg eit ope vinterlandskap med utsikt over Jostedalsbreen, dalane og fjorden langt under. Du treng ikkje vere sprek eller røynd – det er det som gjer denne toppen så særeigen. For dei som vil vidare, arrangerer Loen Aktiv trugeturar og guida vinterturar i fjellet rundt Loen og Lodalen.

Ski i heile regionen

Nordfjord har fleire alpinanlegg og utfartsstader for langrenn. Harpefossen skisenter ved Nordfjordeid, Breimsbygda skisenter i Gloppen og Stryn Vinterski byd på varierte bakkar og løyper for alle nivå. Saman med skisenter på Sunnmøre inngår desse i Alpepasset – éitt pass som gjev tilgang til eit heilt nettverk av skidestinasjonar i regionen.

Ei eiga naturoppleving

Badstova ved fjorden er kanskje den finaste vinteropplevinga Nordfjord har å tilby. Varme, kulde, natur – i den rekkefølga. Langs heile fjorden har det dei siste åra dukka opp utandørs badstover ved fjord, innsjø og hav. På Knutholmen i Kalvåg kan du sitje i ei flytande badstove med utsikt over hamna. Sjå full oversikt her.

Etter ein dag i fjellet eller ved vatnet er det godt å kvile kroppen i spa og badeanlegg på Hotel Alexandra i Loen, begge med lange tradisjonar for velvære i vakre omgjevnader.

Mat og ro

Vinteren er den stille tida, og det er akkurat det mange søkjer. Lokale restaurantar har god tid til gjestene. Knutholmen i Kalvåg, Gloppen Hotell på Sandane og fleire serveringsstader i Loen og Stryn sentrum byd på varm mat og lokale råvarer utan sommarsesongane sitt jag.

For dei modige

For røynde surfarar er Hoddevik og Ervik på Stadlandet eit heilt eige kapittel. Atlanterhavet sender kraftige bølgjer inn mot kysten gjennom heile vinteren, og med færre folk i vatnet er det ein eksklusiv oppleving.

Stryneelva

Foto: Ruben Soltvedt

Surfing i bølgjer på vinteren.

Foto: Saltnwax

Koselige opplevingar innomhus

Finn heten i ein sauna