Våtedalen i Gloppen
©Foto: @jvingtoft

Historie du kan ta og kjenne på

Nordfjord har tusenår med sjøfartshistorie, og om sommaren kjem ho til live. På Sandane i Gloppen ligg Holvikejekta – den einaste bevarte klinkbygde jekta av sitt slag i Noreg, bygd i 1881 med dei same teknikkane som vikingskipa. Eit nytt museum rundt jekta opna i 2025. Like i nærleiken finn du Nordfjord Folkemuseum med 45 historiske bygningar.

I Nordfjordeid ventar Sagastad med det rekonstruerte Myklebustskipet – det største vikingskipet ein nokon gong har funne spor etter i Noreg. Du kan gå om bord og kjenne storleiken på nært hald.

Lengst vest, på øya Selja, ligg klosterruinar frå mellomalderen – ein av dei eldste kristne heilagdommane i Noreg, og ei reise som i seg sjølv er eit lite eventyr med båt.

Selja kloster på øya Selja

Opp og ned og rundt

Via Ferrata Loen tek deg opp fjellsida til toppen av Hoven på 1 011 moh, sikra med wire heile vegen. Oppe møter du Loen Skylift, som tek deg ned att til fjordnivå på fem minutt. På Hornelen i Bremanger – Europas høgaste sjøklippe – kan du utfordre deg sjølv på ei av dei mest eksponerte via ferratarutene i landet.

For familiane er Hydlaparken i Stryn ein publikumssuksess: klatreløyper i tretoppane, ziplines, sykkelpark og noko for alle aldrar – bygd på ein morene frå istida.

Toppturane er ei verd for seg sjølv. Frå Loen, Olden, Stryn og Bremanger er det tilgang til nokre av dei vakraste fjellturane på Vestlandet. Trivselsskogen i Gloppen er eit lågterskekalternativ for familieturar i naturen.

Strand og vatn

Grotlesanden i Bremanger er Noregs svar på Karibia. Iglandsvik like ved byd på like fin sand og langt færre folk. Campingplassar i heile regionen gjer det enkelt å bu tett på naturen – anten det er ved fjord, innsjø eller hav.

Barn som smiler i klatrepark

Foto: Hydlaparken

Grotlesanden

Foto: Visit Nordfjord

Kva vil du oppleve fyrst?