Skipenes gard
Skipenes gard på Nordfjordeid kombinerer historisk sjarm med moderne hytter, rett ved fantastiske Eidselva. Garden ligg berre ein kort spasertur frå sentrum, men midt i naturen.Om produktet
Enten du søkjer fiskeopplevingar, ein koseleg familieferie eller ein roleg stad å trekkje deg tilbake etter ein lang festivaldag, kan Skipenes gard vere eit alternativ for deg.
Garden har røter heilt tilbake til 1600‑talet, og dei to romslege utleigehyttene ligg idyllisk til ved den kjende lakseelva Eidselva. Med berre 800 meter inn til Nordfjordeid sentrum bur du tilbaketrekt i rolege omgivnader, samstundes som du bur nær butikkar, restaurantar og kulturtilbod.
Dei to hyttene på garden har to etasjar og er utforma for å gi familiar, vennegjengar eller fiskarar eit mest mogleg sømlaust og behageleg opphald.
Første etasje inneheld ei koseleg og lys stove med TV og trådlaust internett (Wi‑Fi), eit velutstyrt kjøkken med komfyr, mikrobølgjeomn og oppvaskmaskin, samt bad med dusj og vaskemaskin.
Andre etasje består av to separate soverom med til saman fem sengeplassar. Det eine rommet har to enkeltsenger, medan det andre har ei familievennleg løysing med ei dobbeltseng og ei enkeltseng. Vertskapet kan òg tilby reiseseng og barnestol om gjestene ønskjer det.
På eit stort uteområde utanfor hyttene kan barna utfalde seg, medan vaksne kan slappe av og nyte utsikta til den vakre naturen i området. Nede ved elvebreidda er det òg tilrettelagt med eit flott grillhus som gjestene kan bruke. Det er i tillegg god plass til parkering rett utanfor inngangsdøra.
Den sentrale plasseringa i Stad kommune gjer hyttene til ein perfekt base for å utforske regionen. Herfrå kan du kombinere urbane dagar på Nordfjordeid, anten du skal besøkje Sagastad for å sjå det imponerande Myklebustskipet, eller du skal delta på den populære Malakoff‑festivalen.
Skipenes gard ligg òg sentralt til om du skal på dagsturar. Det tek for eksempel i underkant av ein times biltur å køyre inn til den verdskjende Briksdalsbreen, og vegen er kort til både Loen Skylift, surfestrendene på Stad og dei djupe vestlandsfjordane.
Ein annan fordel med å bu på Skipenes gard er den unike tilgangen til lakseelva Eidselva. Garden har eigne eksklusive fiskerettar i elva (sone 23), noko som gjer hyttene til eit ettertrakta utgangspunkt for sportsfiskarar gjennom sesongen.
For å bevare eit allergivennleg og reint innemiljø er det forbode å røykje, og det er ikkje tillate å ta med kjæledyr inn i hyttene. Gjestene kan velje å ta med eige sengetøy og handkle, eller leige dette mot eit mindre tillegg i prisen.
Velkomen til Skipenes gard!

Eigenskapar
- Sommar
- Barnevenleg
- Nærme naturen
- Vinter
- Vår
- Nærme fjellområde
- Landleg
- Utandørs parkering - Gratis
- Nærme elv
- Sprinkelseng tilgjengeleg
- Gratis Wi-Fi
- Haust
Kontakt oss
- +47 91185844
- Til heimeside
- skipenesgard@outlook.com
-
Norsvegen 15
6774 Nordfjordeid