CBIS 6271032
CBIS 6271034

Ryssdalshornet

Ta ein kvil på toppen av Ryssdalshornet. Det er ikkje kvar dag ein føler at ein er midt i eit postkort.

Ryssdalshornet er eit velbrukt fotomotiv. Det er frå Sandane ein ser det best: Den pyramideforma toppen som reiser seg frå Breimsvatnet. Det er lett å finne vegen opp til Ryssdalsstøylen og stien vidare. Nokre plassar må det klyvast litt, og på eitt punkt er det hengt fram eit tau som kan gi drahjelp opp ei bratt kneik. Godt då, å sjå fram til å legge seg flat ut på toppen