Stryneelva i regnvær - Ruben Soltvedt
©Ruben Soltvedt
Briksdalsbreen foss - Ruben Soltvedt
©Ruben Soltvedt

Nordfjord på ein regndag

Regn er ikkje fienden – det er berre ein del av fjordopplevinga. Og ærleg talt: fossane er kraftigare, skogen er grønare, og du har gjerne heile plassen for deg sjølv. Her er dei beste tinga å gjere i Nordfjord på ein regndag.

 

Innandørs kultur og historie

Nordfjord har tusen år med historie å by på – og musea og opplevingssentera er laga for å brukast akkurat på dagar som denne. Set av ein god time eller to, og kom ut att med nye perspektiv på fjorden du reiser gjennom.

Kino, kulturhus, bibliotek og bad

Dei fleste tettstadane i Nordfjord har gode kulturtilbod som passar perfekt på ein regndag – for både born og vaksne.

På Sandane ligg Trivselshagen – eit komplett innandørsanlegg med svømmehall, klatrevegg, kino og bibliotek. Her kan ein familie bruke heile dagen utan å planlegge noko som helst. Operahuset Nordfjord, på Nordfjordeid, har kino og jamleg sommarprogram. I Stryn har kulturhuset kino og ulike arrangement, og Stryn svømmehall held ope delar av sommaren.

Biblioteka i regionen er eit undervurdert tips. Alle biblioteka i Nordfjord held ope heile eller delar av sommaren – i Svelgen, Hauge, Nordfjordeid, Selje, Stryn og Sandane. Her finn du godt utval av bøker og aktivitetar for born og familiar. Har du Norgeskort kan du låne bøker på alle bibliotek i landet og ta med lesestoffet vidare på reisa.

Ulike produkt:

Trivselshagen badeanlegg Sandane

Trivselshagen badeanlegg Sandane @ Trivselshagen

For barnefamiliar

Regnklede på og eventyr i gang. Nordfjord har opplevingar for store og små uansett kva himmelen finn på.

Innandørsaktivitetar i Nordfjord

Hotel Alexandra Bad Marius Beck Dahle

Hotel Alexandra Bad @ Marius Beck Dahle / Hotel Alexandra

Varme utandørsbaseng

Å bade ute i regnet er ei eiga oppleving – og når vatnet er varmt, er det faktisk heilt suverent.

 

Gardsoppleving, dyr og fjordhest

Møt alpakka, hjort, geit og hest på nært hald. Mange gardsopplevingar har tak og inneplass – regnklede og godt fottøy er alt du treng. Nordfjord er dessutan eit av dei fremste områda i landet for fjordhest.

 

Fiske i Lovatnet - Sandeåsen Feriesenter

Fiske i Lovatnet @ Sandeåsen Feriesenter

Fiske i Nordfjord – regnet gjev fiskelykka

Visste du at fisken bit betre når det er litt overskya og svalt? Regnvêr er faktisk ideelt for fiske i fjorden og vatna i Nordfjord. Lei deg ein båt, finn ein god plass og kos deg.

Briksdalen i Oldedalen - Ruben-Soltvedt

Briksdalen i Oldedalen @ Ruben-Soltvedt

Ute med rett utstyr

Kle deg etter vêret, og plutseleg er ein regndag ein av dei beste dagane på heile turen. Fossane er på sitt kraftigaste, lufta er frisk, og du møter sjelden andre på stiane.

Kajakk og padling

Sjå fjorden frå vassflata – regn eller ikkje. Erfarne guider veit kva som er trygt og kjekt uansett ver.

Kajakk Sverre Hjornevik

@ Sverre Hjornevik

Hydlaparken - Christer Lunde Solberg

Hydlaparken @ Christer Lunde Solberg

Hydlaparken, Stryn

Like utanfor Stryn sentrum ligg Hydlaparken – ein aktivitetspark med zipline, klatreaktivitetar og naturstiar som passar godt for barnefamiliar og aktive gjester. Parken nyttar det naturlege terrenget og er fin å utforske uansett vêr – berre kle deg etter tilhøva.

Fotomoglegheiter – Nordfjord er vakrast i regnvêr

Tåke som sig inn over fjorden. Fossar som bryt ut av fjellsida i kvitt skum. Lyset som skiftar frå minutt til minutt. For fotografar – amatørar og profesjonelle – er ein regndag i Nordfjord eit skattekammer. Her er nokre av dei mest fotogene stadane når himmelen opnar seg:
Fosseteateret i Trivselsskogen, Sandane – her møter du fossen tett på, omgjeven av frodig vestlandsnatur. Dramatisk og vakker uansett ver.

Tvinnefossen, Stryn – ein av dei mest fotograferte fossane i Noreg, og ein av dei som kjem mest til sin rett når regnet har fylt opp vatnet i fjellet.

Dosebua stormhytte – rå og robust, og eit motiv utanom det vanlege for den som vil fortelje ei anna historie om Nordfjord.
 

Hoven Restaurant - Danielle Langedal

Hoven Restaurant @ Danielle Langedal

Mat, drikke og lokale smakar

Ein regndag er ein perfekt dag for å setje seg ned og smake seg gjennom det Nordfjord har å by på. Regionen har eit overraskande rikt mattilbod – lokale råvarer, sterke mattradisjonar og nokre verkelege perler å oppdage.

Loen Skylift og Hoven restaurant er open heile året – ta gondolbanen opp til Hoven og nyt utsikta over Nordfjord medan du et. Sjølv i skodde og regn er dette ei oppleving utanom det vanlege.

Briksdalsbre mountain lodge ligg vakkert til ved Briksdalsbreen. Gå opp til breen eller lei ein trollbil, og ta ein velfortent matpause etterpå.

Nordfjord Distillery og Gildehallen er ein av dei meir unike matopplevingane i regionen. Her kan du smake deg gjennom det beste Nordfjord produserer: lokale ostar, spekemat og handverksprodukte frå nærleiken – under konseptet Smaken av Nordfjord. Det er og mogleg å smake Smaken av Attåt her.

Nordfjord er kjend for høg kvalitet på lokale råvarer – særleg kjøt, fisk og meierivarer. Spør gjerne der du et kvar maten kjem frå. Du vert sjeldan skuffa.
 

Shopping og handleturar

Ein regndag er også ein god grunn til å stikke innom ein butikk eller to. Skogstad Sport har utsal i Innvik, Olden, Nordfjordeid og Stryn – og er kanskje mest kjend for turkle og fritidstøy med røter i Nordfjord. Her finn du klede og utstyr som faktisk er laga for vêret du er ute i. Intersport Sandane er eit anna godt alternativ for den aktive. Vil du berre gå rundt og sjå kva som dukkar opp, har Stryn sentrum, Nordfjordeid og Sandane sentrum eit fint utval av butikkar og kafear som gjer seg godt på ein roleg regndag.

Skogstad Sport - Simon Sjökvist

Skogstad Sport - Simon Sjökvist

Lidasanden Sauna - Lidasanden hytter

Lidasanden Sauna @ Lidasanden hytter

Badstue og velvære

Det finst få betre måtar å avslutte ein regndag på enn med ei god badstueøkt. Nordfjord har fleire flotte saunaopplevingar – nokre rett ved fjorden, andre meir skjulte og intime. Kombinert med eit kaldt dykk i fjorden er det ei oppleving du ikkje gløymer.

 

Ofte stilte spørsmål om regnvêr i Nordfjord

Er det noko å gjere i Nordfjord når det regnar?

Absolutt. Nordfjord har eit breitt tilbod av innandørs- og uteopplevingar som passar uansett vêr – museum, kino, kulturhus, kajakk, gardsoppleving, restaurant og mykje meir.

Er Loen Skylift open når det regnar?

Ja, Loen Skylift er open heile året. Ver og sikt påverkar opplevinga, men gondolbanen går også i regnvêr. Sjekk driftsmelding på deira nettsider ved spesielt dårleg ver.

Kva kan born gjere i Nordfjord på ein regndag?

Det er mange gode alternativ for barnefamiliar: Loen Play, Hamna buldresenter, Trivselshagen i Sandane med svømmehall og klatrevegg, gardsopplevingar med dyr, og fiske. Biblioteka i regionen er òg eit fint stogg.

Kan eg padle kajakk i regnvêr?

Ja – mange aktørar tilbyr kajakkturar uansett ver. Med rett utstyr og klede er padling i regnvêr både trygt og ei heilt eiga oppleving. Lokale guider vurderer alltid tilhøva.

Kor kan eg kjøpe regnklede og turustyr i Nordfjord?

Skogstad Sport har utsal i Innvik, Olden, Nordfjordeid og Stryn. Intersport finn du på Sandane. Begge har godt utval av turklede og utstyr for alle vêrforhold.

Vandring til Gytrifossen i Oldedalen - Ruben Soltvedt

Vandring til Gytrifossen i Oldedalen @ Ruben Soltvedt