Påldtun Hytte

Påldtun Hytte

Hytta ligg på toppen av frukthagen, med nydelig utsikt over fjord og fjell. Når du bur i frukthagen vår, kan du forsyne deg av så mykje frukt og bær du ynskjer. Velkomne til Påldtun!

Du har tilgong til brygge og SUP-brett.
Båt og sykkel kan leigast.

I Påldtun hytta har du alt du treng til ein komfortabel ferie. Hytta har golvvarme, dobbeltseng, toalett, dusj og kjøkkenkrok. Ein del av opplevinga til hytta er å spasere til toppen. Det er ikkje bilveg heilt opp. Men ein fin sti som du kan fylgje. Påldtun hjelper deg med bagasjen om du ynskjer det.

Hytta ligg landleg til på gardstunet, Påldtun. Men det er samtidig kort avstand til Sandane sentrum. Du får moglegeheit til
Du har tilgong til brygge og SUP-brett.
Båt og sykkel kan leigast.

I Påldtun hytta har du alt du treng til ein komfortabel ferie. Hytta har golvvarme, dobbeltseng, toalett, dusj og kjøkkenkrok. Ein del av opplevinga til hytta er å spasere til toppen. Det er ikkje bilveg heilt opp. Men ein fin sti som du kan fylgje. Påldtun hjelper deg med bagasjen om du ynskjer det.

Hytta ligg landleg til på gardstunet, Påldtun. Men det er samtidig kort avstand til Sandane sentrum. Du får moglegeheit til å leige båt og sykkel. Dersom du ynskjer å komme sjøvegen til Påldtun, kan du legge deg til på brygga. Her er det kort veg til hytta.

Bur du på hytta vår kan du benytte deg av sup brett som ligg ved brygga.

I gangavstand til hytta finn du gardsbutikken Gardsbrenneriet som ligg på nabogarden. Her får du kjøpe lokale produkt både frå Påldtun og andre lokale matleverandørar i Gloppen. Gardsbrenneriet har også vunne mange prisar for drikkevarene sine.

Ynskjer du å spasere deg ein kveldstur kan du gjerne ta turen til «Tinghaugen» på Hauge som du finn på Karnilstunet. Dette er også ein nabogard. Dette er vestlandets største menneskebygde tinghaug og blant de ti største haugene i Norden.

Frå Hytta vår er det kort veg til Trivselsskogen og Trivselsbadet på Sandane.

I Gloppen har vi turmoglegheiter for alle nivå. Vi kan nemne Haugsvarden Traudalen, Langedalen, Austrheimstøylen og Eggenipa. Frå Haugsvarden er det også ein fin plass for stisykling.

I Sandane sentrum finn du bl.anna koselege kafear, Nordfjord folkemuseum, og ei badestrand midt i sentrum.

Info:

Attributes

Sommer
Badstue
TV
Nærme naturen
Fotturar
Vinter
Vannkoker/Kaffimaskin
Balkong/terasse
Vår
Landleg
Skogsområde
Utandørs parkering - Gratis
Fjellområde
Landsbyområde
Ved fjorden
Gratis Wi-Fi
Høst