Nordfjord Gardseventyr

Overnatting i eit sjarmerande 1700-talshus på Nordfjordeid, tett på fjord, fjell og dyreliv i Nordfjord.

Om produktet

Solstova er eit sjarmerande hus frå 1700-talet på eit levande gardstun på Nordfjordeid, og eit godt utgangspunkt for å oppleve Nordfjordregionen. Med kort veg til både fjord, fjell og opplevingar ligg alt til rette for eit innhaldsrikt opphald. Overnattinga er ein del av Nordfjord Gardseventyr, midt i hjartet av Nordfjord, og passar godt for familiar, par og andre som ønskjer ei historisk overnatting tett på natur, dyreliv og opplevingar i Nordfjord.
Her bur du tett på naturen, med hjorten i skogen og laksen i Eidselva som næraste naboar. På garden finst fjordhest, alpakka, geiter, høner og kaniner. I tillegg til å oppleve dyra på nært hald, kan det vere mogleg å bestille alpakkavandring frå garden for grupper på mellom tre og seks personar.

Sjølve huset har eitt soverom med dobbeltseng, ein hems med dobbeltseng og sovesofa i stova. Det er til saman plass til inntil seks personar, men huset eignar seg aller best for mindre grupper på opptil fire personar. Det er fullt utstyrt kjøkken, bad, stove og vaskemaskin i bustaden, og huset er tilpassa moderne bruk samtidig som det historiske preget er bevart. Peisen i stova skaper ei lun stemning etter dagar med turar og opplevingar i Nordfjord. Solstova har ferdig oppreidde senger og handkle inkludert i overnattinga.

Frå garden er det gangavstand til sentrum av Nordfjordeid med kaféar, butikkar og servicetilbod, samstundes som du bur i landlege omgjevnader tett på Eidselva, fjella og dyrelivet. I området rundt Solstova er det gode moglegheiter for aktivitetar og naturopplevingar. Garden ligg ved foten av Trollenykjen, ein populær fjelltur som byr på utsikt over fleire fjordarmar av Nordfjorden og innover mot Hornindalsvatnet. Turen startar frå gardstunet og går 898 høgdemeter opp til toppen. Dette er ein tur som tek omlag 3-4 timar, og passar for dei som har litt erfaring med å gå i fjellet. Det er også mange andre fine alternativ til fjellturar i nærleiken, og i huset finn de ei bok med informasjon om lokale turar. Eidselva er kjend for laksefiske, og på varme sommardagar kan det også vere fint å ta eit bad her. Garden ligg rett ved elva, og det går ein koseleg turveg frå tunet og langs elva. Etter avtale kan gjester nytte område ved naustet når det ikkje er fiske.

Solstova er også eit godt utgangspunkt for dagsturar i Nordfjordregionen. Frå Nordfjordeid tek det om lag 30 minutt til Sandane, 40 minutt til Stryn, 45 minutt til kystbyen Måløy og rundt 1 time og 40 minutt til surfestranda i Hoddevik.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Dobbeltseng
  • Sovesofa
  • Barnevenleg
  • Nærme naturen
  • Røykfritt
  • Hårføner
  • Fotturar
  • Vinter
  • Vannkoker/Kaffimaskin
  • Vår
  • Nærme fjellområde
  • Landleg
  • Utandørs parkering - Gratis
  • Sentrum
  • Nærme elv
  • Fjellutsikt
  • Gratis Wi-Fi
  • Haust

Kontakt oss

Book no