Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum

Få eit innblikk i regionen si historie på Nordfjord Folkemuseum, som er distriktsmuseum for Nordfjord.

På Nordfjord Folkemuseum kan du få eit innblikk i regionen si historie. I friluftsmuseet står det 44 antikvariske bygningar, dei fleste frå 1700- og 1800-talet. Fleire av stovene, ladene, fjøsane og dei andre husa er innreidde og viser ulike tidsepokar. Alle bygningane er henta frå bygder rundt om i Nordfjord, og du får ei kjensle av korleis det var å bu og leve i området i tidlegare tider.

Ein kan gå på oppdagingsferd i klyngetunet og resten av det naturskjønne området på eiga hand, eller be
På Nordfjord Folkemuseum kan du få eit innblikk i regionen si historie. I friluftsmuseet står det 44 antikvariske bygningar, dei fleste frå 1700- og 1800-talet. Fleire av stovene, ladene, fjøsane og dei andre husa er innreidde og viser ulike tidsepokar. Alle bygningane er henta frå bygder rundt om i Nordfjord, og du får ei kjensle av korleis det var å bu og leve i området i tidlegare tider.

Ein kan gå på oppdagingsferd i klyngetunet og resten av det naturskjønne området på eiga hand, eller be om omvising. I friluftsmuseet er der også ein eplehage med over 30 ulike eldre eplesortar og eit støylsområde. Langs elva er det fleire hus knytt til vasskraft, og ein får eit innblikk i korleis vatnet har vore brukt som viktig arbeidskraft.

Innandørs er det faste og skiftande kulturhistoriske utstillingar. Museet har over 20 000 gjenstandar i magasina sine, og har alltid ei eller fleire aktuelle utstillingar oppe. Det er også ein liten kafe og museumsbutikk i hovudbygget.

Like vest for Sandane sentrum står Holvikejekta. Båten frå 1881 vitnar om den viktige handelen som gjekk føre seg mellom Nordfjord og Bergen. Holvikejekta vart brukt til å frakte ved og trelast til Bergen, og på returen hadde den med fint mjøl, sukker, klede og andre byvarer. Holvikejekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei, og var av dei største i sitt slag. Av dei mange store jektene som gjekk i trafikk langs kysten er Holvikejekta den einaste som er bevart i opphaveleg stand.

For å bestille omvising på området send ein epost til nfm@misf.no eller ring 480 63 234.


Info: