Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
Ved norsida av Europa sin største fastlandsis ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Senteret ligg plassert midt i det ville norske fjordlandskapet, tett omkrinsa av frodige dalar og bratte fjell. På...
Ved norsida av Europa sin største fastlandsis ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Senteret ligg plassert midt i det ville norske fjordlandskapet, tett omkrinsa av frodige dalar og bratte fjell. På senteret blir det formidla naturverdiar, kulturminner og historia om folket i og kring nasjonalparken.
Jostedalsbreen nasjonalparksenter ligg i Oppstryn, og er autorisert som besøkssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark. Hovudbygning er bygd etter same prinsipp som eit vikinghus, og er omtrent like stor som det største vikinglanghuset som er funne i Norge.
Inne på senteret kan ein lære om korleis livet i nærleiken av breen har vore gjennom tidene. Her kan ein få kjennskap til dei første breførarane og kva utstyr dei nytta.
Ein kan finne ut korleis landskapet ein ser i dag har blitt påverka av

Ein kan finne ut korleis landskapet ein ser i dag har blitt påverka av brear gjennom tidene og kva som skjer med isbreane i dag.
Få eit unikt innblikk i dei tragiske og dramatiske Lodalsulukkene gjennom ei digitalisert samling avisutklipp frå 1936.
I den botaniske hagen kan ein nyte den vakre utsikta over Oppstrynsvatnet, fjell, brear og elvar som ligg rundt. Opplev det rike biologiske mangfaldet norsk natur har å by på.
I den geologiske parken kan du sjå 26 bergartar henta frå regionane; Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Bli med på ei geologisk reise gjennom millionar av år.
I tillegg til dette har senteret ein spisesal med 115 sitjeplassar, kafê med sal av kaffe/te og småkaker og ein gåvebutikk med steinsmykker, varer av norsk design, lokalmat, bøker, kart m.m.
Nasjonalparksenteret leiger ut kano (firemanns) og SUP-brett.

Info:
- Telefon booking: +47 916 23 883
- Telefonnummer: +47 480 02 997
- Nettside: www.visitjostedalsbreen.no
- Kontakt e-post: mail@visitjostedalsbreen.no
- Visiting address: Fosnes Postal Address: 6799 Oppstryn
Attributes
Eco-Lighthouse