Foto: Andreas Duran

Smak av Nordfjord

Epla er mogne i fruktbygdene langs fjorden – i Gloppen, Innvik, Utvik, Loen og Olden heng trea tunge av frukt, og fleire gardar sel direkte frå garden. På Sandane finn du Gardsbrenneriet, Kandal ysteri og gardsmat og Sølvane gard – alle med lokale produkt du ikkje finn andre stader. Nordfjord Smak samlar fleire av dei beste produsentane i regionen og er eit godt utgangspunkt for ein mattur.

I Kalvåg byd Knutholmen på fersk sjømat og kystkultur, og om hausten er skalldyra på sitt beste. Alexandra i Loen og Gloppen Hotell på Sandane er trygge adresser for god, lokal mat i rolige omgjevnader.
 

Fargar og ro i dalane

Oldedalen og Lodalen i haustfargar er noko av det vakraste du kan oppleve i Noreg. Bjørkeskogen lyser gul og raud, vatna speglar fjella, og stiane er stille. Det er ei perfekt tid for fotografar og alle som vil gå utan å vere i kø. Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen og Bødalsbreen er framleis lett tilgjengelege, og sesongen for båt på Lovatnet strekkjer seg gjerne ut i september.

Havet og stormane

På Stad er hausten ei eiga naturoppleving. Atlanterhavet reiser seg, og du kan sjå bølgjene slå inn mot Vestkapp i eit vilt og gripande skodespel. Det er ikkje farleg – det er spektakulært. Og etterpå er det godt med varm mat og ei roleg helg på Nordfjordeid.

Etter ein dag i fjellet eller ved vatnet er det godt å kvile kroppen i spa og badeanlegg på Hotel Alexandra i Loen, begge med lange tradisjonar for velvære i vakre omgjevnader.

Trivselsskogen, Fosseteatret

Fosseteateret, Trivselsskogen på Sandane Foto: Thomas Sagvik

Stormhytta Dosabu i Kalvåg

Stormhytta Dosabu i Kalvåg. Foto: Visit Nordfjord

Turtips i Nordfjord