Haugsvarden

Haugsvarden

På denne turen har du fantastisk utsikt, og frå toppen ser du ned i Nordfjorden og Gloppefjorden. Haugsvarden ligg på 862 m.o.h. Stien er godt merka, og turen egnar seg for heile familien.

Til startpunktet kjem du lettast med eigen bil.
Frå parkeringsplassen går turen på god sti nordaust til Tystadstøylen. Etter 5 minutts gange er du på støylen, og allereie her er utsikta fantastisk utover fjorden og fjella på sørsida av Gloppefjorden.

Frå Tystadstøylen fortset stien nordaust gjennom furu- og bjørkeskog eit lite stykke før du er i høgfjellsterreng. Du passerer Lomvatnet på veg opp til Haugsvarden. På heile turen har du fantastisk utsikt, og frå toppen ser du ned i to fjordar. Du...
Til startpunktet kjem du lettast med eigen bil.
Frå parkeringsplassen går turen på god sti nordaust til Tystadstøylen. Etter 5 minutts gange er du på støylen, og allereie her er utsikta fantastisk utover fjorden og fjella på sørsida av Gloppefjorden.

Frå Tystadstøylen fortset stien nordaust gjennom furu- og bjørkeskog eit lite stykke før du er i høgfjellsterreng. Du passerer Lomvatnet på veg opp til Haugsvarden. På heile turen har du fantastisk utsikt, og frå toppen ser du ned i to fjordar. Du ser også mange av fjella på Sunnmøre og den karakteristiske Hyeneshesten. Haugsvarden ligg på 862 m.o.h.

Retur same vegen som du kom.

Ca. 500 meter sør/søraust for Tystadstøylen ligg Nordfjord Folkehøgskule si Gamme. Denne ligg idyllisk til, og kan nyttast av alle. Gamma har både vedomn inne, og bålplass ute.

For guida tur ta kontakt med Nordfjord Adventure på post@gloppefjord.no eller +47 57 86 80 40. Turar på forespørsel.

Info:

Attributes

Sommer
Vår
Høst