Guida ski- og toppturer i Stryn | Bre og Fjell

Toppturar på ski mellom brear, fjell og fjord i Nordfjord. Bli med Bre og Fjell Mountain Guides på guida skiturar tilpassa ferdigheitene dine, med spektakulære nedkøyringar og utsikt i verdsklasse.

Om produktet

Toppturar på ski mellom brear, fjell og fjord i Nordfjord med kvalifiserte fjellførarar frå Bre og Fjell Mountain Guides. Med Stryn som utgangspunkt kan du bli med på tur i Stryn, Loen, Hornindal og andre delar av Indre Nordfjord.

Stryn er kjend for gode moglegheiter for skikøyring gjennom vinteren, våren og inn i sommarsesongen. Denne vestlandsbygda har lenge vore kjend for sommarskisenteret på Tystigbreen, der ski- og snowboardentusiastar har bolttra seg sidan 1972. Bre og Fjell tilbyr guida skiturar i fjella rundt sommarskisenteret gjennom vinteren og fram til første halvdel av sommaren.

Gjennom heile vinteren tilbyr Bre og Fjell guida toppturar i heile Nordfjord med kvalifiserte og lokalkjende fjellførarar. Blant dei mange kjende fjella for skikøyrarar finn du Kyrkjenibba (1400 moh.), Skåla (1848 moh.), Lodalskåpa, Midtstolshyrna (1771 moh.) og ikkje minst Rinddalshyrna (1677 moh.). Like ved Stryn sentrum ligg eit vinterskisenter med moglegheiter for frikøyring.

For både nybyrjarar og erfarne skikøyrarar
For guidane i Bre og Fjell er det viktig at du, familien, venene eller kollegaene dine får gode opplevingar i fjellet. «Tur etter evne» er eit sentralt prinsipp i norsk friluftsliv, og står sentralt i planlegginga av turane.

Kvalifiserte og lokalkjende guidar
Bre og Fjell legg stor vekt på tryggleik, erfaring og lokalkunnskap. På alpine ski- og toppturar nyttar dei internasjonalt kvalifiserte Tindevegleiarar (UIAGM/IFMGA), skivegleiarar og erfarne guidar under kvalifisering.

Bre og Fjell tilpassar turane etter ønskja og ferdigheitene dine, og tek omsyn til fjellet sine premissar, som vêr, snøforhold og skredfare.

Utstyr
Hos Bre og Fjell kan du leige utstyr dersom du manglar noko til turen. På nettsida finn du informasjon om kva utstyr som er nødvendig for dei ulike turane.

Av omsyn til kvalitet og tryggleik opererer Bre og Fjell AS med maksimalt seks deltakarar per førar på alpine skiturar. Ta kontakt med Bre og Fjell på post@breogfjell.no for pristilbod. Det er lurt å ta kontakt i god tid for å sikre seg ein ledig guide.

Periode: Stryn byr på flotte skiturar gjennom vinteren og våren, frå januar og fram til sommarsnøen i juni. Vintermånadene har også mykje å by på for deg som ønskjer å utforske fjella på ski.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Januar
  • Februar
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Juni
  • Desember