Loen Skylift
©Loen Skylift

Velkomne til den idylliske bygda Loen i Stryn

Via Ferrata Loen

Den vesle, idylliske bygda Loen inst i Nordfjord rommar så mykje meir enn det ein først får auge på. Her finn du spektakulære natur- og aktivitetsopplevingar i verdsklasse innan korte avstandar. Skogkledde åsar og karakteristiske fjell med snø på toppane stig opp ifrå den sølvblanke Nordfjorden – du vil garantert bli bitt av Loen-basillen med eit ønskje om å kome snarleg attende.

Loen Skylift

Vil du høgt til fjells på ein lettvint, rask og spektakulær måte, innfrir Loen Skylift alle dine ønskje. Her kjem du deg frå fjorden og opp til 1011 meter over havet på få minutt, med ei utsikt frå ei stillegåande og stabil pendelbane så praktfull og unik som overgår dei finaste prospektkorta.   

Via Ferrata Loen

Ynskjer du ei lita utfordring, så er Via Ferrata Loen midt i blinken. Her klatrar du opp fjellsida langs ein sikker wire med godt utstyr, medan du nyt utsikta til fjord, fjell og dalar. Som ein del av ruta kan du krysse Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa med sine 120 meter. Brua ligg 750 meter over havet og strekk seg over det 160 meter djupe jølet.

ZipLine

På toppen av Hoven, 1011 meter over fjorden, finn du to zipliner  du berre må teste ut (125 og 95 meter). Her kan du oppleve å fly over jølet på ein trygg og sikker måte, medan blodet garantert brusar i årane. Ziplinen ligg berre 5-10 min gange nordaust for toppstasjonen til Loen Skylift.

Loen Active

Akitivtetsselskapet i Loen, Loen Active, ligg midt i smørauget i bygda. Her tek kvalifiserte guidar deg med på ein guida kajakktur på fjorden. Ynskjer du ein guide på vandreturen, så vil ein finne ein tur som passar deg og di form. Har du heller lyst til å prøve SUP, kan du leige deg eit brett og åre for å teste ut balansen din anten på fjorden eller vatnet rett i nærleiken.

Mat og Drikke

«Uten mat og drikke duger helten ikke», er det noko som heiter. I sentrum finn du to hotell der du kan nyte À la carte meny av høg klasse. To av campingplassane lenger opp i dalen har også kafè med matservering. Er du verkeleg ute etter spektakulær utsikt som krydder til måltidet, kan Hoven Restaurant på 1011 meter over havet vere eit supert alternativ. Her finn du både À la carte meny og ein eigen pizzameny.

ZipLine
Alexandra

 

Hotel Alexandra

Overnatting i Loen

Mange blir overraska når ein oppdager at den vesle bygda Loen huser to store hotell. Det tradisjonsrike og ærverdige Hotel Alexandra med alle sine fasiliteter er velkjent for dei fleste. Her kan du bade i inne- og utebassenget og få avslappande spabehandling – nattesøvnen blir deretter. Rett over vegen, heilt nede ved fjorden, finn ein søsterhotellet Hotel Loenfjord. Ynskjer du eit meir familievenleg alternativ der du kan lage din eigen mat, kan dei nye leiligheitene til Loen Apartments vere bra.

Litt om Lodalen

Vidare oppover dalen frå Loen, finn du Lodalen. Mange rangerer denne som ein av dei vakraste dalane i Norge. Det grøne Lovatnet er omkransa av dramatiske fjell som skjuler ei dramatisk historie. Både historia og fjella vil gjere stort inntrykk på deg.

Aktiviteter i Lodalen

Langs dalsida finn du ei rekke ulike aktivitetar anten på land eller på vatnet. Du kan vandre, sykle, bade eller prøve deg på ein kajakk-, kano- eller SUP-tur. Ynskjer du heller å leige ein båt og prøve fiskelukka, er det mogleg fleire stadar.  Eller kanskje vil du berre nyte stilla i naturen – gjere ingenting, berre ligge i graset og skue ned på vatnet der den kjende passasjerbåten MB Kjenndal II brått glir forbi full av menneske som nyt same opplevinga som du gjer: å vere innråma av den mektigaste naturen i Norge.

Overnatting i Lodalen

Langs det irrgrøne Lovatnet finn du ein handfull stader å overnatte. Her er campingplassar, hytter, bubilparkering og tilrettelagde stader der du kan telte. Merk dykk at det kun er mogleg å telte på oppmerka stader.

Hoven

 

Aktivitetar i Loen

 

 

Overnatting i Loen og Lodalen

 

Via Ferrata Loen

Bli med i Norge sin tøffaste via ferrata

© Loen Skylift
Via ferrata Loen