Cruise Loen Skylift

Heilt sidan 1800-talet har turistane kome til Nordfjord på «flytande hotell»

Cruise i olden Loen skylift

 

I dag smyg dei mange og mektige cruise-skipa seg innover fjordlandskapet frå Nordfjord sin port i vest til Olden i aust, til stor glede for både turistar og fastbuande.   

Dei første skipa
Alt i 1880-åra byrja det å kome turistskip til fjordane på Vestlandet. Det første skipet som kom til Olden og Loen var «Midnight Sun» frå England. Fleire kom i åra som fylgde: «Vega», «Ragnvald Jarl», «Haakon den 7de», «Meteor» og mange utanlandske skip med fleire hundre turistar.

Isbreane lokka då som no
Stadig fleire av dei tilreisande på båtane gjekk i land for å oppleve dette særeigne landskapet som tur- og fjellvande eventyrar hadde fortalt om. Mest kvar dag i juli og august låg det fleire turistskip som tydeleg markerte eit skifte i tida: Nordfjord var i ferd med å legge grunnlaget for ei ny næring som raskt skulle bety mykje for mange i ei elles utfordrande tid. Opptil 1300 turistar kunne ta turen til Briksdalsbreen eller Kjenndalsbreen frå dei flytande hotella. Frå tidleg morgon til seine kvelden var det ein straum av køyrande og gåande turistar etter vegane.

Den dag i dag utgjer cruise-trafikken ein viktig del av den totale aktiviteten innan turistnæringa i Nordfjord. Tilgang til områder som er stille, mektige og kjende, lokkar menneske frå heile verda. Dei «flytande hotella» står fortsatt sterkt, samstundes som det er ein aukande trend ikkje berre å sjå naturen, men også å bruke denne. Stadig fleire deltar på naturbaserte aktivitetar, lokale matopplevingar og individuelle turar med guide o.l. aukar stadig. Men stadig fleire og større båtar tyder på at cruise-turistane er komne for å bli.

 

 

NORDFJORD HAVN

Olden/Loen er ein av Norges mest populære cruisedestinasjonar

 

 

PORT OF NORDFJORDEID

Nordfjordeid er ei skjult perle som ligg i enden av ein av Norges vakraste fjordar