Byrkjelo Camping

Address: 6826 Byrkjelo
Beliggenhet: Gloppen
vis kart

Camping | Familievenleg campingplass nær Byrkjelo sentrum. Hytteutleige og
romslege oppstillingsplassar for bubil og campingvogner. Panoramautsikt
mot Eggenibba.

Byrkjelo camping har hytter i fleire storleikar og prisklasser. Campingplassen tilbyr romslege oppstillingsplassar med straumuttak for vogner og bubilar, med fast underlag. Separat plenareal for telt utan straumtilkopling nede ved elva.

Fellesbygget inneheld sanitærrom, kjøkken, vaskeri og opphaldsrom. Kiosk i høgsesong. Kort gangavstand til nærbutikk, kafè og supermarked.

Dette er eit flott ferieanlegg for barnefamiliar, med stort uteområde, leikeplass, grillhytte og bålplass. Også velegna for vaksne, som ynskjer å utforske den storslagne Nordfjordnaturen, eller berre slappe av i solveggen.

Campingplassen har eige badeanlegg med stor solterrasse, oppvarma symjebasseng og plaskebasseng for dei minste. Dette er ope dagleg i skuleferien. Det er inngongsbillett til anlegget, halv pris for eigne gjester.

Byrkjelo og omegn har mange flotte merka fotturar. Alt frå lette turar på grusveg i slakt terreng, til toppturar. Informasjon om desse får du i resepsjonen, eller du kan besøke turistinformasjonen i nærbutikken.

Vår kommune, Gloppen, har mange flotte og interessante attraksjonar. Nordfjord folkemuseum, Holvikjekta og fleire andre kulturhistoriske objekt. Ein spasertur i Fjordlandsbyen Sandane eller den tilhøyrande Trivselsskogen med Fosseteateret bør også være på programmet.

Det er godt ørretfiske i området, informasjon får du i resepsjonen, der du også kan kjøpe fiskekort.

Fasilitetar og tenester

Beliggenhet
Nærme fjellområde Nærme naturen Landleg Fjellutsikt
Generelle fasilitetar
Vannkoker/Kaffimaskin Enkeltseng Dobbeltseng Utendørs symjebasseng
Fritidsfasilitetar på området
Fotturar
Spesielle krav
Barnevenleg
Parkering
Parkering/Garasje

Kontaktinformasjon

Telefon booking
+47 917 36 597
Kontakt e-post

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår


Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt

Kundeservice

Vår lokalkunnskap, dine opplevelser.

E-post til booking@nordfjord.no

Bestillingsvilkår

Bestill hos oss

  • Offisiell bookingside for Nordfjord
  • Ingen bookingavgift
  • Sikker betaling
  • Raskt og enkelt
Build: 24.11.2021 17:25:55, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-8585.cbischannel-31800.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails