Bødalsbreen, Bødalen, Lodalen - Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Briksdalsbreen - Ruben Soltvedt
©Ruben Soltvedt
Bødalen 2025 - Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
©Dag Ulvedal / Visit Nordfjord
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter
©Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Isbrear i Nordfjord

Nordfjord er ein av dei stadene i Noreg der isbreane er nær. Her finn du brearmane til Jostedalsbreen – den største isbreen på det europeiske fastlandet – ikkje langt frå Noregs vestlegaste isbrear i Gloppen og Bremanger. Anten du vil sjå det blå-kvite brefallet på avstand eller stå på ski midt på sommaren, er det godt å ha Nordfjord som base.

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter

Gamle Strynefjellsvegen @ Helge Stikbakke

 

 

Jostedalsbreen og nasjonalparksenter

Jostedalsbreen dekkjer om lag 487 km² og skil to av verdas lengste fjordsystem frå kvarandre – Sognefjorden og Nordfjorden. Mange av dei mest tilgjengelege brearmane ligg på Nordfjord-sida, og er enkle å kome i nærleiken av med bil.

Vil du lære meir om breane sin geologi, klima og framtid, er Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn det naturlege startpunktet. Her får du kunnskap om korleis isen er forma, kvifor breane endrar seg og kva breane betyr for naturen rundt.

 

Oldedalen: Briksdalsbreen og Brenndalsbreen

Oldedalen er dalen med to brearmane som ligg ved sida av kvarandre. Den kjende og den litt mindre besøkte.

Briksdalsbreen

Briksdalsbreen er den mest vitja breen i Nordfjord. Frå Briksdalsbre Fjellstove er det om lag 3 km på merka sti inn til brefronten. Vil du ikkje gå sjølv, kan du ta ein av trollbilane – dei opne kjøretya som bringer deg forbi fossar og frodig natur heilt inn til Kleivane. Briksdalsbreen har vore eit kjent turistmål sidan 1800-talet og overraskar framleis med det dramatiske brefallet som stupar ned i den tronge dalen.

Brenndalsbreen

Brenndalsbreen er nabobreen til Briksdalsbreen og ligg i ein av dei vakre sidedalane i Oldedalen. Ho er mindre kjend, men ikkje mindre spektakulær. Frå parkeringsplassen ved Aabrekk følgjer du traktorvegen opp til Brenndalsselet, eit fint utsiktspunkt. Den merka stien endar på om lag 280 moh, og herifrå er det 1,5 km til sjølve breen. Dei siste kilometrane er krevjande og høver for fjellvane. Ha gjerne Olden som base for turen.

Briksdalsbreen i skumring - Ruben Soltvedt

Briksdalsbreen i skumring @ Ruben Soltvedt

Isbre - Ruben Soltvedt

Isbre @ Ruben Soltvedt

Brenndalsbreen - Thomas Sagvik

Brenndalsbreen @ Thomas Sagvik

Lodalen: Kjenndalsbreen, Bødalsbreen og Tindefjellbreen

Lodalen byr på tre breopplevingar med ulik karakter.

Kjenndalsbreen

Kjenndalsbreen ligg om lag 17 km frå Loen langs det blågrøne Lovatnet. Om sommaren kan du ta båten på Lovatnet eller Lodalen Shuttle Bus inn til Kjenndalen – ein fin måte å oppleve dalen på utan å køyre heilt inn sjølv. Frå parkeringsplassen er det berre 10–15 minutt å gå til brefronten, og turen langs elva som fører smeltevatn frå breen passar for heile familien. Sjå opp for Krunefossen på vegen – vatnet har hogd ut ei imponerande jettegryte i fjellet over tusenvis av år. Kjenndalsstova ligg like ved parkeringsplassen og er eit naturleg stopp for mat og drikke.

Bødalsbreen

Bødalsbreen er nabobreen til Kjenndalsbreen. Ein godt merka og familievennleg sti på 3,5 km fører deg inn frå parkeringsplassen, gjennom flott vestlandsnatur og forbi Bødalssetra – der det er tilrettelagd for camping ved Bødalsseter Brecamp.

Tindefjellbreen

Tindefjellbreen ligg avsides til, om lag 10 km aust for Loen og omtrent midtvegs mellom Bødalen og Erdalen. Den 20 km² store breen er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark og eit godt alternativ for den fjellvante som ønskjer å kome seg litt lenger vekk frå allfarveg. Loen er naturleg utgangspunkt.
 

Lodalen - Thomas Sagvik

Lodalen @ Thomas Sagvik

Isbre - Ruben Soltvedt

Isbre @ Ruben Soltvedt

Tystigbreen – sommarski på isbreen

I Strynefjellet ligg Tystigbreen, der du finn noko heilt unikt: sommarski på isbreen. Stryn Sommerski held vanlegvis ope frå slutten av mai til byrjinga av juli, midt i høgsesongen. Tilgangen er via Strynefjellsvegen, ein nasjonal turistveg med storslegen utsikt over fjell og fjord. Når snøen smeltar tidleg på sommaren, vert breen nytta til bregåing med guide.

Myklebustbreen

Myklebustbreen er Noregs sjuande største isbree med eit areal på 45 km². Breen strekk seg frå 890 til 1 710 meter over havet, og det høgaste punktet ligg under nunataken Snønipa (1 827 moh) som stig opp frå isplatået. Breen ligg i Jostedalsbreen nasjonalpark og høver best for den fjellvante. Byrkjelo og Sandane er gode utgangspunkt.

Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen

Ålfotbreen og nabobreen Gjegnalundsbreen ligg på grensa mellom Gloppen og Bremanger, og er dei vestlegaste isbreane i Noreg. Området er verna som Ålfotbreen landskapsvernområde, og her finn du svært augefallande devonske hylleformasjonar som ikkje finst nokon annan stad i verda. Turen til breen er krevjande og høver best for fjellvane. DNT-hyttene Gjegnabu og Blåbrebu er populære utgangspunkt for å utforske breane.

Du kan ha base i Sandane, Svelgen, Ålfoten, Bremanger eller Kalvåg – alle med relativt kort veg til turar inn i landskapsvernområdet.
 

Krunebreen Lodalen Fjell - Visit Nordfjord

Lodalen @ Visit Nordfjord

Trygg ferdsel på og ved isbreer

Isbreane er i stadig rørsle og endring. Nye sprekker, kalving og ras kan skje brått og utan varsel – òg på brearmane som verkar roleg frå avstand.

•    Hald deg på merka stiar og respekter sperringer og åtvaringsskilt ved brefronten
•    Gå aldri åleine på breen
•    Vandring på sjølve isen krev sertifisert guide, hjelm, stegjern, tau og isøks
•    Kle deg etter tilhøva – det er alltid kaldare ved breen enn i dalen
•    Ver merksam på at is og stein kan løsne frå brefronten utan førevarsel

Isbrear i Nordfjord