Visnes Hotel restaurant

Nyt kortreist norsk mat på Visnes Hotel, med råvarer frå kysten, fjella og lokale leverandørar. Om sommaren er restauranten open for både hotellgjester og andre besøkande.

Om produktet

I sommarsesongen, frå juni til 20. august, tilbyr restauranten à la carte-meny kvar kveld kl. 18–21. Elles i sesongen blir det servert treretters middag for buande gjester ved bestilling på førehand.

Restauranten på Visnes Hotel har fokus på norsk og kortreist mat, basert på gode råvarer frå lokale leverandørar. På menyen kan det mellom anna vere viltkjøtt, fisk og skaldyr frå kysten, fjellaure og lokalt storfekjøtt.

Med Arvid som jeger er restauranten også sikra tilgang på viltkjøtt. Marit har bakgrunn frå Vinmonopolet og omfattande vinkunnskap, mellom anna gjennom Wine Education Trust sitt program «Exploring Wine and Spirits» og internasjonal WSET-eksamen. Ho er ofte å finne i restauranten og kan også tilby eigne vinsmakingar for private grupper og bedrifter.

Sommaren 2026 er menyen basert på norske råvarer, mellom anna kvit fisk frå kysten, fjellaure og storfekjøtt frå lokal leverandør.

Det blir arrangert temakveldar med vin og femretters meny med jamne mellomrom. Følg Visnes Hotel på Facebook for oppdatert informasjon.

Sommarrestauranten er open også for gjester som ikkje bur på hotellet. Bordbestilling er tilrådd.

Eigenskapar

  • Sommar

Kontakt oss