Verdas råaste sauna – Ikkje berre badstu men ei oppleving i verdsklasse

Verdas råaste sauna – Ikkje berre badstu men ei oppleving i verdsklasse

På den smaragdgrøne overflata av Oppstrynsvatnet, omkransa av stupbratte fjell og eldgamal skog, ligg noko heilt unikt: ei handbygd, vedfyrt badstuflåte – kanskje den råaste i verda. Dette er ikkje ei...

På den smaragdgrøne overflata av Oppstrynsvatnet, omkransa av stupbratte fjell og eldgamal skog, ligg noko heilt unikt: ei handbygd, vedfyrt badstuflåte – kanskje den råaste i verda. Dette er ikkje ei standardoppleving. Dette er for deg som søker noko meir. Meir natur. Meir stillheit. Meir kraft.
Badstu slik det var meint å vere - bygd av osp frå skogane rundt vatnet, fyrt med lokal ved, og med panoramautsikt rett ut i det vestnorske høgfjellslandskapet – badstua på Lidasanden gir deg varme, nærleik og fridom som ingen spa-anlegg kan måle seg med.

* Vedfyrt omn gir ei intens, levande varme
* Djupe trebenkar og opne vindauge mot fjella
* Lukta av treverk og lyd av knitrande ved
* Terrasse på 75 m² med utsikt og avstand frå alt
* Eiga kjøleluke rett ned i det krystallklåre vatnet –
Badstu slik det var meint å vere - bygd av osp frå skogane rundt vatnet, fyrt med lokal ved, og med panoramautsikt rett ut i det vestnorske høgfjellslandskapet – badstua på Lidasanden gir deg varme, nærleik og fridom som ingen spa-anlegg kan måle seg med.

* Vedfyrt omn gir ei intens, levande varme
* Djupe trebenkar og opne vindauge mot fjella
* Lukta av treverk og lyd av knitrande ved
* Terrasse på 75 m² med utsikt og avstand frå alt
* Eiga kjøleluke rett ned i det krystallklåre vatnet – sommar som vinter

Dette er ikkje ei badstu du berre går til. Dette er ei badstu du vil attende til.

Fellesbadstu- her deler du badstuflåten med andre.

Varigheit er 1,5 timer inkludert tid du bruker før og etter økta til skift etc.

Badstua har kapasitet til 15 personer.

Fellessauna er for gjester 12 år og oppover, der under 18 år skal vere i følge med vaksne.

Vi har ope for fellesauna onsdag– laurdag:

12.00-13.30
14.00-15.30
16.00-17.30
18.00- 19.30

Ta kontakt for andre tider/dagar.

Pris er NOK 525 per person, dette inkluderer eit lite handkle til å sitje på, samt vatn.
Større handkle til bading (og du kjem til å bade), kan leigast på staden til 75 kroner.
Ved ankomst møter vi deg og forklarer korleis det fungerer.


Kva treng du huske på?

Badetøy (obligatorisk)
Handkle til bading (kan leigast hos oss)
Pose til våte kle
Tenk på at smykker blir veldig varme så dette er lurt å ta av.

Book di badstuoppleving på 99484176 eller post@lidasanden.no.

Privat booking – når de vil vere åleine.

Anten du ynskjer ei romantisk oppleving for to eller vil ha med familien, vennegjengen eller kollegaer i badstua så kan de booke heile flåten.

Ta kontakt for tidspunkt og pris. Pris er avhengig av antal personar, og om de ynskjer nytte loungen.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst