CBIS 6261963
CBIS 6261936
CBIS 6261937
CBIS 6261938
CBIS 6261939
CBIS 6261942
CBIS 6261943
CBIS 6261944
CBIS 6261945
CBIS 6261946
CBIS 6261947
CBIS 6261948
CBIS 6261949
CBIS 6261950
CBIS 6261951
CBIS 6261952
CBIS 6261953
CBIS 6261954
CBIS 6261955
CBIS 6261967
CBIS 6261968

Vandrestiar på Hoven (1011 m.) | Loen Skylift

Loen Skylift løftar deg frå fjorden til høgfjellet på 1011 m. Her kan du vandre på tilrettelagde og skilta turstiar med utsikt over fjordlandskapet. Gå på eiga hand, eller ta med guide frå Loen Active. 

Frå Hoven har du eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Rundt 70 km med stiar er kartlagt frå Hoven. Arbeidet med å forbetre og tilrettelegge desse er godt i gong. Høg kvalitet og bærekraft er nøkkelord. Alle stiane vert skilta og merka etter internasjonal standard. Stiane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. 

EKSEMPEL PÅ TURAR FRÅ HOVEN
Gjølrunden 2,2 km / 120 høgdemeter 
Enkel rundtur. Godt tilrettelagd med trapper i naturstein. Kupert med nokre korte bratte parti. Kom nær inn på spektakulær og dramatisk natur, med panorama mot fjell, bre og fjord. Høgste punkt er på 1120 moh. Frå dette punktet har ei fantastisk utsikt til fjorden i vest og mot Jostedalsbreen i sør. Krydra med eit 360-graders panorama av fjell og dalfører. Vidare mot vest kjem ein inn på tursti mot Skredfjellet, og kan returnere til Hoven eller gå vidare mot Skredfjellet.

Skredfjellet - 2 km ein veg / 155 høgdemeter
Enkel tur som er godt tilrettelagd med grus. Nokre bratte parti, men det er mulig å trille barnevogn. Mot slutten av turen er det mindre kupert og med fleire flate parti. Flott utsikt mot fjorden i sør, og Strynedalføret og fjellheimen i nord. Vardane viser veg. Utsikt og panorama blir berre betre dess nærare ein kjem målet for turen.

Rundtur Skredfjellet - 7,9 km / 500 høgdemeter
Middels vanskegrad. Varierande dekke, grus, steintrapper, høgfjells-sti og veg. Kom deg litt lenger ut i fjellheimen - over Skredfjellet (som turen over), via Nøkketjønn og tilbake til Hoven på grusveg. Bortetter ryggen får ein panorama mot fjell, fjord og bre. Ein passerar vardar som viser veg, bekkar, små tjønner og fine utsiktspunkt som innbyr til ein rast. Før ein vender tilbake mot Hoven passerar ein Oppheimssetra.