Trugetur i Nordfjord

Trugetur i Nordfjord

Er du berre middels interessert i skismørjing og gruar deg til nedoverbakkane på ski? Då er truger eit godt alternativ der du har «spikerfeste» overalt!

Å gå med truger er lett å lære seg og er dessutan ein sosial aktivitet du gjerne kan invitere andre med på.

Trugeturar ein fin vinteraktivitet som gir deg ein unik moglegheit til å oppleve naturen på nært hald. Med lette og moderne truger kan du kome deg overalt, nesten uansett føre og snøtilhøve. Å gå med truger er enkelt å lære seg og gir variert trening for heile kroppen.

Om du ikkje vil ta turen til ei av dei høgste toppane, kan du ta med deg familien din på trugetur til dei spesielle
Å gå med truger er lett å lære seg og er dessutan ein sosial aktivitet du gjerne kan invitere andre med på.

Trugeturar ein fin vinteraktivitet som gir deg ein unik moglegheit til å oppleve naturen på nært hald. Med lette og moderne truger kan du kome deg overalt, nesten uansett føre og snøtilhøve. Å gå med truger er enkelt å lære seg og gir variert trening for heile kroppen.

Om du ikkje vil ta turen til ei av dei høgste toppane, kan du ta med deg familien din på trugetur til dei spesielle hyttene som er plassert ut i kvar kommune. Hyttene blir kalla dagsturhytter og starta som ein litt sprø idé i fylkeskommunen i «gamle» Sogn og Fjordane i 2016. No er hyttene kjende landemerke og populære turmål i heile Vestland fylke. Hyttene er forståeleg nok populære lavterskelturar for barnefamiliar, ofte plassert på stadar med nydeleg utsikt. Inne i hyttene kan ein søke ly og ete nista si samt lese i dei utplasserte barnebøkene. Mange av hyttene har i tillegg bålpanne og toalett like i nærleiken. Ofte er det også flott å ta beina fatt til ei av dei mange setrane vi har i midtre og indre Nordfjord. Desse ligg ofte på mellom 400 – 600 moh. Utsikta frå dei fleste setrane er upåklageleg. Merk deg at det sjeldan er gode snøtilhøve ved kysten av Nordfjord.

Låne eller leige truger:
Ta kontakt med BUA i Stryn, Gloppen, Stad (Nordfjordeid og Selje) og Bremanger. Her kan ein sjekke om dei har truger til låns, sidan dei har mykje forskjellig frilufts og fritidsutstyr som du kan låne heilt gratis i inntil ei veke om gongen! Merk deg at BUA i Selje og Bremanger truleg ikkje har truger i sortimentet sidan snøen sjeldan ligg lenge ute på kysten.

Utleige av truger finn du her. Fjordshopen ved Loen Skylift og Harpefossen Skisenter.

Info:

Attributes

Vinter