CBIS 6275205
CBIS 6275210

Traudalsnibba

Høgste nibba nær Sandane

Utgangspunkt for turen er frå Ryggjastøylen. For å kome hit køyrer du til Grov på Sørstranda. Det går skogsbilveg heilt fram til støylen. Frå parkeringsplassen går stien mot Traudalsvatnet. Etter ca. 500 m tar du til venstre og går over Geitebrua. Kort etter tar stien til Traudalsnibba av til venstre og går bratt opp lia. Over skoggrensa flatar det litt ut, deretter vidare mot Botnen, men rett før vatnet tek du til høgre opp til Nibba/Nibbehytta. Så følgjer stien ryggen heilt til toppen og Traudalsnibba.