Topptur til Skåla

Topptur til Skåla

Skåla med Skålatårnet er eit av dei mest kjende fjella i Norge.

Fjellet er mykje omtala på grunn av den 1800 moh lange motbakken frå havnivå til topps. På ski får du køyrt ned til 300 moh. Likevel er Skåla heilt klart ein av favorittane i området!

Start frå Lodalen ved merka parkeringsplass. Følg skogsvegen heilt opp, og forset på stien oppover i Fosdalen. Kryss dalbotnen ca 700 moh og gå opp den store fjellsida mot Skålavatnet. Her er du i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Forset frå vatnet og opp til det store skaret under Rongjuvnibba. Følg derifrå ryggen
Fjellet er mykje omtala på grunn av den 1800 moh lange motbakken frå havnivå til topps. På ski får du køyrt ned til 300 moh. Likevel er Skåla heilt klart ein av favorittane i området!

Start frå Lodalen ved merka parkeringsplass. Følg skogsvegen heilt opp, og forset på stien oppover i Fosdalen. Kryss dalbotnen ca 700 moh og gå opp den store fjellsida mot Skålavatnet. Her er du i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Forset frå vatnet og opp til det store skaret under Rongjuvnibba. Følg derifrå ryggen til venstre opp mot den breie toppryggen. Vidare langs vardane til tårnet på toppen. På nordsida av toppegga er det enorma skavlar, og nordveggen går 1000 m rett ned. Vær forsiktig om det er skodde. Tårnet og Skålabu er perfekt for overnatting.

Nedkøyring: Følg toppegga nedover og køyr heile sørsida ned til skaret. Følg ruta du kom opp vidare nedover. Ved mykje snø er det også fint å køyre frå toppegga rett fram og ned den breie vestsida mot Skålavatnet.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst